Økonomiske hovudtal

Alle tal i heile 1 000

Nedanfor er det presentert nokre hovudtal frå Giske kommune sin rekneskap for 2022

Nedanfor er det presentert nokre hovudtal frå Giske kommune sin rekneskap for 2022

Regnskap Reg. budsjett Oppr.budsjet Regnskap i fjor Avvik frå
2022 2022 2022 2021 opprinnelig budsjett
9 Sum driftsinntekter 803 398 737 306 714 606 766 307 88 792
15 Sum driftsutgifter 746 318 705 967 690 427 725 721 55 891
16 Brutto driftsresultat 57 080 31 339 24 179 40 586 32 901
- - - - -
22 Netto finansutgifter - 65 136 - 66 832 - 57 832 - 47 060 - 7 304
- - - - -
23 Motpost avskrivninger 40 650 40 650 39 503 39 503 1 148
- - - - -
24 Netto driftsresultat 32 595 5 157 5 850 33 029 26 745

Kommunen sine driftsinntekter var 803,4 mill. kr mot justert budsjett på 737,3 mill.kr. Ein auke på 88,8 mill.kr i høve det opprinnelige budsjettet. Av dette kjem 36,8 mill. kr av meir inntekter frå overføringar med krav til motytelse (statlege tilskott, sjukepengerefusjon mm.) som har motposter i driftsutgiftene.

Kommunen sine driftsutgifter var 746,3 mill.kr mot justert budsjett på 705,9 mill. kr. Auken på kr 40,3 mill.kr skriv seg i stor grad frå auke i lønsutgifter med 29,7 mill.kr. Auka lønsutgifter må ein sjå i samanheng med sjukelønsrefusjon som er ein del av kommunen sine driftsinntekter. Tilskott som ikkje er brukte i året vert overført til bundne fond.

Kjøp av varer og tenester blei 223,9 mill. kr mot justert budsjett på 219,8 mill.kr. Ein auke på 6,8 mill.kr.

Overføring og tilskott til andre vart 29,4 mill.kr og var budsjettert med 21,9 mill. kr. Auken på 7,6 mill. kr kjem av auka overføring til private lag og organisasjonar gjennom spelemiddelutbetalingar og koronastøtter til næringslivet.

Kommunen sine netto finansutgifter vart kr 65,1 mill. kr og var budsjettert med 66,8 mill.kr. Det vart eit tap på finansane på 3,9 mill.kr mot budsjettert tap på 3 mill.kr. Renteutgiftene vart kr 900 000 lavere enn budsjettet.

Endeleg beregning av minsteavdrag viser at Giske kommune har budsjettert med 1,8 mill.kr i for mykje i avdrag.

Giske kommune hadde i 2022 eit netto driftsresultat på 32,5 mill. kr. Til samanlikning var netto driftsresultat i 2021 på 33 mill. kr, dvs. ein nedgang av netto driftsresultat på kr 434 000.

Nøkkeltall

Nøkkeltall

2022 2021 2020 2019 2018 2017 2016
Brutto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter 7,1 5,3 1,90 0,73 2,86 3,80 3,58
Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter 4,06 4,31 -0,85 1,06 -0,51 2,24 0,86

Brutto driftsresultat (BDR)

Brutto driftsresultat viser resultat av ordinær verksemd inkludert avskrivingar. Resultatet uttrykker kommunen sin evne til å betene gjeld, finansiere investeringar og setje av midlar til fond. Brutto driftsresultat i andel av brutto driftsinntekter er på 7,1 prosent i 2022 mot 5,3 prosent i 2021.

Netto driftsresultat

Den viktigaste indikatoren på handlingsrommet for ei kommune er netto driftsresultat. Netto driftsresultat viser resultat etter at renter, avdrag og utlån er belasta rekneskapen og er den delen av overskotet som er disponibelt som egenkapital til investeringar, avsetningar og dekning av tidlegare års underskot.

Netto driftsresultat i perioden 2014 – 2022: %)

Teknisk berekningsutval anbefaler at netto driftsresultat er 1,75%. Giske kommune har som mål eit driftsresultat på minst 3 - 5% for å bygge opp disposisjonsfondet slik at kommunen kan få ein berekraftig økonomi. Giske kommune har no hatt to gode år der nivået har vore over det anbefalte nivået og har klart å styrke disposisjonsfondet som no er 4,57 prosent av driftsinntektene. Giske sitt mål er 5 - 10% av driftsinntektene. På grunn av høg lånegjeld bør nivået vere nærmere 10% for at kommunen skal ha ein robust økonomi. Det er derfor behov for å styrke disposisjonsfondet ytterlegare i åra framover.

Dersom ein trekker ut årets inntektsførte premieavvik m/arbeidsgiveravgift på kr 17 461 000 hadde Giske kommune eit "korrigert netto driftsresultat på 15,1 mill. kr eller 1,8 %.

KOSTRA

KOSTRA

2022 2022 2021 2021 2020 2020
1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 1
Brutto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter 7,1 1,8 5,4 3 2,1 0,6
Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter 4,1 1,7 4,5 3,6 -0,5 0,9
Frie inntekter i kroner per inbygger 66 028 67 213 63 118 64 828 58 235 60 403
Endring av kostragruppe frå 2019 til 2000 kjem av ein revisjon av kommunegrupperingane som følge av kommunereforma.

Giske har mindre i frie inntekter i kroner per innbyggar enn gjennomsnittet i kostragruppe 1, men kjem Giske betre ut både i brutto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter og netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter enn kostragruppe 1. Dette skriv seg i hovudsak frå den gode skatteinngangen Giske hadde i 2022.