• Forside
  • Vesentlege avvik frå kommunestyret sine premiss for bruk av bevillingane

Vesentlege avvik frå kommunestyret sine premiss for bruk av bevillingane

Utgangspunktet for arbeidet med handlings- og økonomiplanen for 2022 - 2025 var å utarbeide konsekvensjustert budsjett for 2022 for kva det vil koste å drive kommunen sitt tenestetilbod ut frå den standarden og det volumet som er etablert, og med full årseffekt av endringar og sparetiltak som vart sett i gong i løpet av 2021.

Ved utarbeiding av handlings- og økonomiplanen for 2023 - 2025 var Giske kommune innmeldt i ROBEK, underskotet til framføring var kr 26 645 683, og budsjettert inndekning i 2022 var 7,4 mill.kr. På grunn av den gode skatteinngangen i 2021, fekk kommunen eit netto driftsresultat på 33 mill.kr og kunne då dekkje heile underskotet. Giske vart difor utmeldt frå ROBEK 28.4.2022.

For å få eit budsjett i balanse, vart det i tillegg utarbeidd tiltak. Ein del av dei vedtekne viste se å ikkje vere gjennomførbare, andre kom så seint i gang at det ikkje vart ønska effekt i 2022. Det vart gjennom heile 2022 lagt fram saker og rapportar for formannskap og kommunestyret som viser statusen og effekten av tiltaka. Tiltaket "Leanprosessar og endring i turnus" vart starta i 2022. Tiltaket er vidareført og utvida til 2023 i eit nytt tiltak - "Pleie og omsorgstenester i takt med framtida", og effektane av tiltaket vil først kome frå 2023 og framover.

Skatteinngangen vart kr 37 317 000 høgare enn det som vart lagt til grunn i budsjettet. Ved budsjetteringa var det forutsatt at kommunen ville ha skatteinntekter med 88,4% av landsgjennomsnittet og motta 18,1 mill.kr i inntektsutjamning. Ved avslutninga av året var Giske kommune sin skatteinngang 92,2% av landsgjennomsnittet, og inntektsutjamninga vart 10,7 mill.kr. Skatteinngangen har vore god gjennom heile året, og budsjettet har vorte auka med 25 mill kr gjennom budsjettendringar på grunn av skatteinngangen. Ein stor del av skatteinngangen kom imidlertid så seint at det ikkje vart tid til å justere budsjettet.

Korona-pandemien var naturleg nok ein premiss som også i år medførte endringar i høve til budsjettvedtaket. Dette har utfordra tenestene, og sjølv om staten overførte meir midlar for å dekkje meirutgiftene, var året prega av usikkerheit om storleiken på tilskotet. Tilskotet for korona vart først kjent i desember 2022, Gjennom heile året har tenestene måtte halde seg til vedteke budsjett, sett i verk tiltak og hatt ei streng prioritering for ikkje å få overskridingar.

PREMIEAVVIK

Giske kommune har vore på ROBEK sidan 2016, og utgangspunktet for investeringar i 2022 var stort sett lånegodkjenning til investeringar i VAR sektoren, samt lån til vidare utlån. Øvrige investeringar vart finansiert ved ubrukte lånemidlar, og strengt prioritert. Det var knytt usikkerheit til om Giske kommune i det heile teke fekk lån, og arbeid med prosjekt vart derfor ikkje starta før frå 1. april, då det var klart at Giske ville bli utmeldt av Robek. Detaljert oversyn over avvik per prosjekt ligg i del 3, Investeringar - oversikt over prosjekt.

I investeringsrekneskapen er det eit avvik på bruk av lån med 66,9 mill. kr. i høve opprinneleg budsjett. Det har vore ei budsjettendring med auke i låneramme:

  • Budsjettendring k.sak 67/22. Auke i låneopptak vedr prosjekt 5857 Mudring Gjøsundet

Øvrig endring i bruk av lån kjem av bruk av utbrukte lånemidler, og i høve justert budsjett har kommuna brukt 32,5 mill. kr mindre i lån enn budsjettert.

Giske kommune var på ROBEK i starten av året, usikkerheit kring låneopptak medførte at arbeid med nye investeringsprosjekt ikkje vart starta før budsjettet vart godkjent i april 2022. Dette har hatt konsekvenser for framdrifta av prosjekta og fleire prosjekt har vorte utsatt på grunn av kapasitetshensyn. Hovudplan vatn- og avløp 2023 - 2033 vart godkjent i slutten av 2022 og har b.la lagt føringar for ei endring i prosjekt 6373 Leidningsnett og pumpestasjonar, denne endringa er lagt inn i handlings- og økonomiplanen for 2023 - 2026.

Prosjekt 5857 Mudring Gjøsundet var ein premiss som har medført endringar i høve investeringsbudsjettet. Målsettinga for området - nasjonal fiskerihamn - er politisk avklart i gjeldande reguleringsplan for området. Mudringsprosjektet er no i sluttfasen etter store utfordringar når det gjeld grunnforhalda våren 2022. Fristen måtte forlengast og blir fullført våren 2023. Dei vanskelege grunnforhalda samt ekstraordinær lønns- og prisstiging har ført til overskridingar i forhald til ramma i forskutteringsavtalen på over 50 million kroner og auka låneopptak på 55 mill.kr.

Arbeid med utvikling av Gjøsund hamne- og næringsområde har vore kapasitetskrevjande og internt arbeid med dette er ført i driftsbudsjettet. Dette arbeidet har og bidrege til at øvrige prosjekt har blitt forsinka eller utsatt.

Krigen i Ukraina har og påverka investeringane og ført til utfordringar knytt til levering frå leverandør, både prosjekt 6212 Transportmidlar og maskiner til uteseksjonen, 6256 Bytte av generator og 6257 Naudstraumsagregat på hengar er utsat til levereingssituasjonen betrar seg.