Psykisk helsearbeid

Tenesta blir drifta av to stillingar, ein psykolog og ein familiterapeut. 95 born og unge fekk tilbod av teamet i 2022. Tal viser ei ganske stor breidde i saker som blir henvist frå lettare til moderate angst- og depresjonsplager, til meir alvorlege plager som vanskar med å gå på skule, traumer, overgrep og kjønnsidentitet. Støtte til foreldre og andre omsorgspersonar er ein viktig del av arbeidet i teamet.