PPT og logopedteneste

PPT

Brukarar: 109

PPT har i samarbeid med oppvekst lagt opp til eit tettare samarbeid ved at PP-rådgjevar har to faste dagar ute i skulane. Målet er ein meir inkluderande praksis og at kompetansen til PP-rådgjevar skal vere lettare tilgjengeleg for skulen. Kontoret har fire årsverk der ein av stillingane er tillagt avdelingsleiarfunksjon. Frå november 2022 har kontoret vore utan avdelingsleiar. Etter oppseiing av stilling som PP-rådgjevar ved årsskiftet har ein prøvd å rekruttere ny avdelingsleiar utan å lukkast. Tenesta har også hatt høgt sjukefråver i 2022 og fristbrot på behandlingstid i 14 saker. Fristbrota gjeld i hovudsak på barnehageområdet. Det er inngått avtale om kjøp av tenester i 2023 for å unngå vidare fristbrot.

Logopedteneste

Giske kommune gjennomførte kutt i logopedtenesta i 2021. Kommunen har per i dag ikkje tilsett logoped, men kjøper denne tenesta. Kommunen er pliktig til å yte tenester til barn og unge med rett etter opplæringslova.