Avdeling smittevern

Grunna pandemien og oppgåvene som vart lagt til kommunen, vart avdeling smittevern etablert november 2020. Grunna oppgåver vidareført til 2022, vart drift i avdelinga opprettholdt i 2022. Avdelinga har hatt om lag 2,5 årsverk i midlertidig stilingar. Frå august 2022 om lag 0,5 årsverk, dette for å sikre pålagt beredskap på flyplassen og vaksinering.

Avdeling smittevern har hatt følgjande oppgåver:

  1. TISK (Testing - Isolering - Smittesporing - Karantene):
    1. Drifte teststasjonar på Ålesund Lufthamn Vigra og ved rådhuset
    2. Legge til rette for karanteneopphald og isoleringsopphald for tilreisande i samarbeid med Ålesund kommune
    3. Motverke og slå ned smitteutbrot
  1. Drive løpande informasjonsarbeid til innbyggarane
  2. Samarbeid med omkringliggande kommuner, statsforvaltar, Avinor, politi, Røde kors m.fl.
  3. Rapportering til Statsforvaltar og Helsedirektoratet
  4. Vaksinering

Giske kommune har hatt ei godt fungerande smittevernavdeling, som har handtert oppgåvene etter kvart dei har kome til. Beredskapsleiinga har gjennom året vore tett på situasjonen og leia arbeidet saman med aktuelle partar.

Kostnader knytt til drift av teststasjon på Vigra flyplass er blitt dekka i si heilhet gjennom tilskotsordning ved Helsedirektoratet. Kostnader til vaksinering og TISK-arbeid er blitt dekka via skjønnstilskot frå Statsforvaltar.

Rekneskap 2021, avdeling smittevern

Via tilskot frå Helsedirektoratet, har Giske kommune fått dekka alle utgifter knytt til drift av teststasjon Vigra flyplass.

Drift av teststasjonen på Valderøya er blitt dekka gjennom skjønnstilskot frå Statsforvaltar.

Avdeling smittevern leverte i 2021 rekneskap i balanse.