Grunnskule, SFO og skuleskyss

Grunnskular

Giske har 5 grunnskular: Godøy skule ,Vigra skule, Valderøy barneskule, Giske skule og Giske ungdomsskule.

Elevtalsutvikling

Elevtal per 1. oktober 2022

Elevtal per 1. oktober 2022

1.-4. klasse 5.-7. klasse 8.-10. klasse SUM
Vigra skule 111 72 0 183
Valderøy barneskule 262 180 0 442
Giske skule 57 32 0 89
Godøy skule 74 53 0 127
Giske ungdomsskule 0 386 386
Totalt 502 339 386 1227

Grunnskule

Grunnskuletenestene kosta i 2022 netto 120 mill. kroner.

Kostnaden til funksjon 202 grunnskule netto driftsutgiftar pr. innbyggar 6-15 år, var i 2021 96 779 kroner og i 2022 var denne kostnaden 102 528. Dette er blant dei lågaste i fylket.

Kostnaden per innbyggar 6-15 år på skulebygg var om lag på gjennomsnitt for vår kommunegruppe med 21 012 kroner.

Grunnskulane hadde ikkje lovleg drift knytt til fag og lærarnorm i vårhalvåret, noko som gjekk ut over tidleg innsats og graden av tilpassa opplæring.

  • Lærarnorma blei oppfylt frå hausten 2022. Leksehjelp, fysisk aktivitet og symjeopplæring vart iverksett.
  • Skulane opplyser å ha store utfordringar med å prioritere tidleg innsats i form av ulike intensivkurs i t.d. lesing og matematikk etter § 1-4
  • Alle einingane i oppvekst har vore med på leiarutvikling i regi av IMTEC og også KS si leiarutvikling knytt til 10-faktor
  • Det er gjennomført kartlegging av kompetansen til alle tilsette knytt til inkluderande praksis for å realisere kompetanseløftet for ikluderande praksis og spesialundervisning. Høgskulen i Volda, og også interne ressursar, har bidratt for å kunne utvikle varige betre praksisar. Denne kompetanseutviklinga vil også være kostnadseffektiv på sikt.
  • Det er sett i gang eit større arbeid med uteområdet til Godøy skule.
  • Forprosjekt til ny skule på Vigra vart igangsett hausten 2022.
  • Det vart investert i nye PC-ar til ungdomssteget.

Korona

Pandemien prega også oppvekstsektoren dei første månadane av 2022. Særleg sjukefråværet hos elevar og i personalgruppene gjorde drifta krevjande etter pandemiåra.

Spesialundervisning - varige betre praksisar

I løpet av hausten 2022 starta PPT med utedagar i skule, med avtale om å bruke 50 % av tida ute i einingane til systemarbeid og 50% til individarbeid. Det blei etablert inkluderingsteam på alle skulane frå hausten 2022. Både PPT og Helsesjukepleiarane vil ta del i både det systemretta og det individretta arbeidet noko som bidreg til eit tverrfagleg og analytisk blikk inn i arbeidet for auka kompetanse hos dei som møter elevane kvar dag, ein betre inkluderande praksis.

Manglande kontinuitet og redusert omfang i den tidlege innsatsen, td lesekurs, låg grunnbemanning i barnehage, matematikk-kurs og to-lærarsystem, synes å bidra til å generere auka spesialundervisning i Giske kommune. Auken skjer i hovudsak hos dei eldste elevane i form av mange små vedtak. Gjennom å betre kvaliteten og gjennom å utvide omfanget av den tidlege innsatsen, i tråd med § 1-4, vil behovet for spesialundervisning bli redusert på sikt.

Det har i 2022 vore fokus på kompetanseutvikling knytt til inkluderande praksis for alle tilsette i oppvekstsektoren og med utgangspunkt i leiargruppene. Det er også lagt eit godt grunnlag for betre tverrfagleg innsats gjennom utvikling av BTI-modellen. Timar gitt til spesialundervisning i 2022 tilsvarar 25 % av det totale undervisningstimetalet, noko som må sjåast i samanheng med den låge prioriteringa av ressursbruken i grunnskule. Dei nasjonale tala er 18,2%.

Andel elevar med vedtak om spesialundervisning

Andel av undervisningstimar til spesialundervisning av undervisningstimar totalt

SFO - Skulefritidsordning

Det er SFO-ordning ved alle barneskulane i kommunen. SFO er meint å vere sjølvfinansierande med unntak av ekstra kostnader til barn som treng særskild tilrettelegging. Det manglar ca 20 % på sjølvkost. Månadsprisen er 3.585 kroner for full plass. Dette er den høgaste foreldrebetalinga i fylket, noko som kan vere ei medverkande årsak til at ein relativt mindre del av elevar i 2.-4. årstrinn har SFO. Berre 7% av 4. klassingane nyttar seg av SFO-tilbodet, 34 % på landsbasis. (sjå grafen nedanfor).

I samarbeid med selskapet Envidan blir det kvart år gjort sjølvkostkalkyler i høve til SFO-tilbodet. Kostnader til stabsfunksjonar og ekstra tiltak for barn med særlege behov blir haldne utanfor.

Frå 1. august 2020 vart det innført to moderasjonsordningar: Redusert foreldrebetaling for foreldre med barn på 1. og 2. klassetrinn. Foreldrebetalinga per barn skal maksimalt utgjere seks prosent av inntektene til hushaldninga. Barn med særskilte behov på 5.-7. trinn har rett til gratis SFO.

Frå august 2022 fekk alle 1. klassingar gratis kjernetid med 12 timar i veka. Dette gjer at nesten alle 1. klassingar tek plass i SFO.

Nettokostnadene til SFO har auka kraftig dei siste åra frå om lag 1,5 mill. kroner til nesten 2,7 mill. kroner. Den viktigaste grunnen er ein sterk auke av elevar som har større behov for hjelp og tilsyn.

Foreldrebetalinga for SFO var med 3.585 kroner for heil plass den høgaste i fylket.

Tal på barn i SFO Kor mange av desse har full plass Tal på barn i SFO Kor mange av desse har full plass Tal på barn i SFO Kor mange av desse har full plass
Skule \ år 20-21 20-21 21-22 21-22 22/23 22/23
Giske skule 22 17 35 17 39 16
Godøy skule 37 25 39 15 37 18
Valderøy barneskule 131 65 124 50 124 64
Vigra skule 58 30 55 33 55 30
SUM 248 137 253 115 255 128
Prosent

Andel elevar med SFO-tilbod, Giske kommune/landsoversikt

Skuleskyss

Fylkeskommunen organiserer både ordinær skyss og tilpassa skyss for elevar med særlege behov. Kommunen betaler ein eigenandel som tilsvarer enkeltbillett på buss etter ordinær takst, både for ordinær skyss og tilpassa skyss. Dette gjeld óg skyss for elevar ved private skular, der kommunen betaler skyss til kommunegrensa. Elevar med delt bustad kan ha rett til skyss frå begge heimane. For elevar i 1. klasse er skyssgrensa 2 km, for eldre elevar er skyssgrensa 4 km.

I hausthalvåret hadde til saman 289 elevar rett til skyss. Totalkostnaden var 2.249.000 kroner. Budsjettet var på 1.657.000.

Kostra grunnskule 2022

Kostra grunnskule 2022

Nøkkeltal Eining Giske Sula Ålesund Kostragr. 1 Landet utan Oslo
Årstimar til særskilt norskopplæring per elev med særskilt norskopplæring Antal 26,1 95,0 25,6 47,0 36,4
Årstimar til spesialundervisning per elev med spesialundervisning Antal 141,1 117,6 150,1 136,2 145,1
Elevar i kommunale og private grunnskular som får særskilt norskopplæring Prosent 3,8 1,3 6,6 3,9 5,3
Elevar i kommunale og private grunnskuler som får spesialundervisning Prosent 10,8 8,0 9,7 9,3 7,9
Elevar på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i lesing 8.trinn Prosent 79,7 69,3 71,0 71,9 73,3
Elevar på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i regning 8.trinn Prosent 78,0 81,2 66,3 70,2 70,5
Gruppestorleik 2 Antal 17,1 17,3 16,9 15,3 15,6
Gjennomsnittleg grunnskulepoeng Antal 42,2 42,2 43,7 42,5 43,1
Netto driftsutgifter grunnskulesektor (202, 215, 222, 223), i prosent av samla netto driftsutgifter Prosent 28,3 24,3 22,6 23,7 22,5
Netto driftsutgifter til grunnskulesektor (202, 215, 222, 223), per innbyggar 6-15 år (kr) Kroner 129 019 112 339 123 837 137 868 133 106