Rekneskapsmessig resultat

Drift:

Drift:

Økonomisk oversikt drift viser:
Brutto driftsresultat kr 57 079 989
Netto driftsresultat kr 32 594 647
Rekneskapsmessig meir/mindreforbruk kr 0

Rekneskapen til Giske kommune for 2022 vert avslutta med eit netto driftsresultat på 32,5 mill. kr. Kommunelova § gir føringar for korleis dette skal disponerast slik at rekneskapsresultatet vert kr 0.

Dette skjer etter at pliktige strykningar ved rekneskapsavslutninga er gjennomført.

Det var budsjettert med overføring frå drift til investering med kr 1 500 000. I budsjettet for 2022 var det og lagt inn ei avsetning til disposisjonsfond på kr 2 004 914 og dekning av tidlegare års meirforbruk med kr 7 403 057. På grunn av det gode resultatet for 2021 vart heile meirforbruket dekt i 2021, og budsjettet vart endra.

Investering:

Økonomisk oversikt investering for 2022 viser udekka / udisponert resultat = 0.

Finansieringsbehovet var kr 149 180 398, av dette er kr 112 672 748 finansiert ved lån, dvs. ein låneandel på 75,5 % og ein nedgang frå 2021 der låneandelen var 84,55%.