Heimebaserte tenester
Det vert levert heimebaserte tenester både i bukollektiv, bufellesskap, omsorgsbustader og i heimen til brukaren. Tenestene er heimesjukepleie, praktisk bistand, BPA (brukarstyrt personleg assistanse), kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. Heimebasert teneste er den største tenesta i omsorgsdistrikta og Meistring og psykisk helse, og vert gitt til alle brukargrupper, barn,unge og eldre. Den står føre ei tid med stort fokus på omstilling, tenesteutvikling, tverrfagleg samarbeid, digitalisering og nye arbeidsmetodar. Tenestene er i tett samarbeid med tildelingskontoret om kartlegging, vurdering og utmåling av teneste. Målet er at brukaren vert sjølvhjelpt så langt som råd og vere meir aktiv i eige liv. Kvardagsrehabilitering er implementert som fast teneste i kommunen og heimebaserte tenester har fått opplæring i modellen som skal vere ein aktiv del av tenesteytinga. Det vert framover ei nøye vurdering av kva ein kan tildele av velferdsteknologiske løysingar som første val.
Nye måtar å yte teneste på vert avgjerande for at kommunen skal klare å møte framtidige behov. Heilskapleg bustadpolitikk, tenesteutvikling og samskaping vil vise seg å vere viktige og avgjerande strategiar i tida framover.
Spesialisthelsetenesta vurderer stadig sine tenester og kommunen merkar godt at brukarane kjem raskare heim og er dårlegare enn tidlegare. Dette fører til eit stort press på korttid- og heildøgnsplass og auka krav til meir tenesteyting i heimane. 2022 har vore prega av svært pressa drift med krevjande brukarsituasjonar med stort behov for oppfølging og kompetanse. Kommunen har vanskar med å rekruttere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, og fleire signaliserer at dei ikkje maktar å gå i 100% på grunn av stort arbeidspress. Sjukefråværet er i enkelte avdelingar høgare enn tidlegare år, samstundes har vi også avdelingar med eit lavare sjukefråvær enn tidlegare.
Utfordringa vidare vert å ha økonomisk berekraftige tenester, yte fagleg forsvarlege tenester, rekruttere rett og god kompetanse, handtere auka innan bu- og tenestetilbod til barn og unge med spesielle behov, møte auka innan tal demente, auka forventing til kva kommunale tenester skal yte og halde tritt med nye lover, krav og forskrifter. Strategi bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050 og leanprosjektet Pleie og omsorgstenester i takt med framtida, vert svært viktig for korleis kommunen skal møte utfordringane i tida framover.