Flyktningtenesta og introduksjonsprogrammet
Giske kommune vedtok i årsbudsjett 2022 å ta i mot 10 nye flyktningar. Grunna krigen i Ukraina vedtok Giske kommune å ta i mot 55 nye flyktningar i 2022. Flytningtenesta hadde 1 årsverk og fekk tilført 1,5 årsverk for å klare å følgje opp oppgåvene.
2022 har vore eit svært krevjande år for flyktningtenesta. Aldri før har kommunen tatt i mot så mange flyktningar på eitt år. 49 nye flyktningar kom i 2022. Kommunen har ikkje tilstrekkeleg kapasitet på kommunale bustadar. Dei fleste av flyktningane har inngått private leigeavtalar. Tilsette rapporterer om ein stadig meir utfordrande leigemarknad på grunn av det høge talet på flyktningar som kjem samtidig. På grunn av krigen i Ukraina er det venta ein auke i etterspurnaden etter kommunale tenester i tida som kjem. Giske kommune har vedtatt mottak av inntil 50 nye flyktningar i 2023. Flyktningtenesta samarbeider tett med fleire tenester både i kommunen, NAV, legesenteret og vaksenopplæringa.