3 Fellesutgifter - fellesinntekter

Fellesutgifter - fellesinntekter omhandlar fylgjande tenesteområde:

På dette ansvarsområdet blir det ført inntekter og utgifter som er felles for heile kommunen sin organisasjon og som ikkje kan knytast opp mot einskilde einingar eller stab. Døme på dette er:

  • Felles personaltiltak / arbeidsmiljø
  • Generelle arbeidsmiljøtiltak
  • Diverse fellesfunksjonar:
    • Felles IT program, maskinvare og serviceavtaler.
    • Felles datakommunikasjon
    • Telefon og telefax
    • Frankering – porto
    • Kontingent til KS
    • Felles pensjonsutgifter/inntekter - premiefond.
    • Premieavvik blir samla her frå 2011.
    • Løn til lærlingar
    • Løn til hovudtillitsvalde og hovudverneombod
    • Utgifter til bedriftshelseteneste
Alle tal i heile 1 000

Drift

Drift

3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER Rekneskap Buds(end) Budsjett Rekneskap
Tenester 2022 2022 2022 2021
1212 GENERELLE PERSONALPOLITISKE TILTAK 1 798 1 424 1 424 1 434
1215 GENERELLE ARBEIDSMILJØTILTAK 299 213 213 360
1240 DIVERSE FELLESFUNKSJONAR 12 486 10 615 11 195 15 117
1700 ÅRETS PREMIEAVVIK KLP - 23 147 - 4 000 - 4 000 - 1 503
1701 ÅRETS PREMIEAVVIK SPK - 731 - 104 - 104 - 562
1710 AMORTISERT PREMIEAVVIK KLP 6 158 5 388 5 388 8 099
1711 AMORTISERT PREMIEAVVIK SPK 259 455 455 77
1720 PENSJON 177 - - 150
1730 PREMIEFOND - 27 776 - 5 135 - 5 135 - 29 511
2110 BARNEHAGE 1 976 223 223 905
2120 GRUNNSKOLE 2 583 263 263 1 096
2343 KJØKKEN (MAT TIL HEIMEBUANDE) 496 243 243 282
2540 PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE 1 888 258 258 1 703
2546 GISKE OMSORGSSENTER 1 598 213 213 1 232
2548 BUFELLESSKAP FUNKSJONSHEMMA 2 911 290 290 1 489
Sum andre tenester knytt til fordeling av pensjonskostnader 12 355 - - 5 712
Sum gruppeansvar: 3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER - 6 672 10 346 10 927 6 080

Rammeområde 3. Fellesutgifter – fellesinntekter viser eit mindreforbruk på kr 17 mill.kr.

Meirforbruket skriv seg frå ansvar 1300 Felles drift og dei største avvika finn ein i teneste 1240 Diverse fellesfunksjonar - med eit meirforbruk på 1,8 mill kr. Meirforbruket på tenesta stammar i stor grad frå utgifter til datakommunikasjon, lisensar og serviceavtalar. Avviket er større på ramme 3 enn kommunen samla og viser at tenesta fortsatt er ein samlepost for utgifter som tidlegare vart fordelt på rammeområda.

Pensjonskostnadane medførte at rammeområdet fekk eit mindreforbruk på 12,7 mill.kr.

Giske kommune gjorde endring i pensjonsportefølja og har no portefølje med investeringsval. Dette frigjorde 50 mill.kr som vart tilført premiefondet. Midler på premiefond kan berre brukast til framtidig premiebetaling, og Giske kommune brukte 27 743 432 av premiefondet for å dekke premieinnbetalingar i 2022.

Som ein følge av endringa måtte kommuna betale inn 20 mill.kr i eit bufferavsetning, denne skal behandlast på same måte som ordinært innskot. For ikkje å belaste einingane ytterlegare er denne avsetninga i si heilheit ført i ramme 3.

Premieavvik vert budsjettert som inntekt – amortiseringa ei utgift, netto utgjorde det ei inntekt på 17,4 mill.kr. Premieavviket i KLP var budsjettert som inntekt med kr 4,1 medan det vart 23,8 mill.kr. Auken skriv seg frå bufferavsetninga som aukar premieavviket, men som vil kome som ei utgift gjennom armortiseringa dei neste 7 åra med ca 2,9 mill.kr per år. Bruk av premiefond vart 25,8 mill. kr, og er 23,3 mill.kr over budsjettet. Begge deler må ein sjå i sammenheng med auken i pensjonskostnadane som er fordelt på einingane, ser ein kommunen under ett vart det eit samla meirforbruk på 1,3 mill. kr for pensjonskostnadane og skriv seg hovudsklig frå auke i lønsutgiftene. Ser ein løn, sjukeløn og pensjonskostnader samla for alle rammeområda (heile kommunen) er der eit meirforbruk på ca 16 mill.kr.

Premieavviket er differansen mellom den berekna pensjons-kostnaden som vert ført i rekneskapen og premien som faktisk er betalt. Den betalte premien vil blant anna avhenge av avkastninga pensjonstilbydaren oppnår på pensjonsmidlane og lønsveksten rekna med utgangspunkt i lønsnivået ved utgangen av året.

Dei øvrige tenestene gjeld stort sett lærlingløn for heile kommunen. Avvika kjem av at den faktiske fordelinga av lærlingane vart ulik den budsjetterte.

* Følgjande kan ikkje dekkes av midler fra premiefond:
- Tilskudd AFP 62-64
- Tilskudd Sikringsordningen
- Adm. tilskudd SPK for OFA
- MVA adm.tilskudd til SPK for OFA
- Forsinkelsesrenter
- Egenkapitaltilskudd

Innestående på premiefondet er sikret en minimumsavkastning tilsvarende den garanterte renten. Hensikten er at forsikringstakeren skal kunne avsette ekstra beløp i «gode år» for å ha et fond å ta av til betaling av premier. Premiefond kan berre nyttast til

Kostra

Kostra

Kostra funksjon 2022 2022 2021 2021 2020 2020
1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 1
180 Diverse fellesutgifter Netto driftsutgifter, beløp per innbygger 5 71 2 -116 2 72
170 Årets premieavvik Netto driftsutgifter, beløp per innbygger -2 747 -1 936 - 240 - 2 298 -310 -908
171 Amortisering av tidligere års premieavvik Netto driftsutgifter, beløp per innbygger 738 1 550 951 1 188 913 1 231
172 Pensjon Netto driftsutgifter, beløp per innbygger 44 -41 29 22 21 4
173 Premiefond Netto driftsutgifter, beløp per innbygger - 3 192 -2 435 - 3 428 - 2051 -469 -556