Institusjonstenester

Giske kommune har åtte institusjonsplassar ved Vigra omsorgssenter, avdeling for demente, Skogly. Vi ser ei stadig auke i behov for plass. Plassane er til ei kvar tid fylt opp. Dei tilsette har høg kompetanse innan demens og utviklar seg i takt med behov, lover og forskrifter. Giske kommune leverer eit tilbod av høg kvalitet. Det er auka vekst i tal demente, om lag 50 nye vert diagnostisert kvart år i Giske kommune. Frå 2021 til 2030 er det venta ei auke i tal demente med 44%, frå 2030 til 2050 vil det auke ytlegare med om lag 90%. Bruk av velferdsteknologi og behov for ulike bustadar vil auke i tida framover. Dagtilbod for demente ved Vigra omsorgssenter starta hausten 2019. Dette viser seg å vere eit svært viktig og godt tilbod til mange, noko som mellom anna gjer at brukaren kan bu lenger heime og betrar livssituasjonen til pårørande.