Vaksenopplæring

Vaksenopplæring omfattar opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar og flyktningar med rett til opplæring etter § 17 i introduksjonslova, og grunnskuleopplæring for vaksne, eventuelt realkompetansevurdering på grunnskuleområdet etter opplæringslova kap. 4A. Per 15. oktober 2022 var det 30 deltakarar på norskopplæring og 5 deltakarar på grunnskuleopplæring.

Giske kommune forlenga ikkje avtalen med Hareid kommune knytt til kjøp av vaksenopplæring, med ønske om å sende ut nytt konkurransegrunnlag til Ålesund og også Hareid kommune.

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap

IMDI (Innvandrings- og mangfoldsdirektoratet) betaler ut tilskot til norskopplæring. Kommunar med meir enn 4 personar med rett til norsk og samfunnskunnskap fekk i 2022 eit tilskot på totalt 2 079 077 kroner. Persontilskot utgjorde 1 452 877,- Grunntilskot 626 200,-

I tillegg får kommunane utbetalt persontilskot etter fastlagde satsar i inntil 3 år.

Mottekne tilskot 2022
Grunntilskot for 30 personar 1 452 877
Persontilskot for 5 personar 626 200,-
Ekstra tilskot pga. korona
Samla tilskot 2022 2 079 077