Veganlegg, parkar og plassar

Regnskap 2022 : Mindreforbruk kr. 81 258

Drift 6100 VEGANLEGG:

Under ansvarsområdet 6100 veganlegg er det tre tenesteområder. Dette er 3320 kommunale vegar, 3341 gatelys og 3350 parkar, plassar m.m. Rekneskapen for 6100 veganlegg for 2022 har vore 7 832 652 kroner. Budsjettet for 6100 veganlegg i 2022 var på 7 913 910 kroner. Dette vil seie at ansvarsområdet 6100 veganlegg har hatt eit mindreforbruk på 81 258 kroner.

3320 Kommunale vegar:

Tenesteområdet 3320 Kommunale vegar har i 2022 eit rekneskap på 6 194 669 kroner. Budsjettet for 3320 Kommunale vegar i 2022 var på 5 673 663 kroner. 3320 Kommunale vegar hadde i 2022 eit meirforbruk på 521 006 kroner. Meirforbruket skuldast vinterdrift. Vinterdrifta var budsjettert for lavt. Det kom også meir snø enn forventa.

På første gang på mange år var det avsett midlar til asfaltering, og det vart brukt kr 1,2 mill i 2022 i tråd med budsjettet- midla vart tekne frå planlagt hovudplan for veg, dette arbeidet blei utsett til 2023.

3341 Gatelys:

Tenesteområdet 3341 Gatelys har i 2022 eit rekneskap på 1 306 621 kroner. Budsjettet for 3341 Gatelys i 2022 var på 1 802 008 kroner. 3341 Gatelys hadde i 2022 eit mindreforbruk på 495 387 kroner. Mindreforbruket skulde lave straumutgifter. Straumutgiftene var vesentleg lavare enn forventa - mykje grunna finansielt utbytte utbetalt i 2022. Det vart skifta til ledlys for kr 160 000 i 2022 (investeringsbudsjettet).

Størsteparten av drifts- og vedlikehaldskostnadane er naturleg nok i vinterhalvåret med tilsvarande reduserte kostnader i sommarhalvåret.

3350 Parkar, plassar m.m.:

Tenesteområdet 3350 Parkar, plassar m.m. har i 2022 eit rekneskap på 331 361 kroner. Budsjettet for 3350 Parkar, plassar m.m. i 2022 var på 438 239 kroner. 3350 Parkar, plassar m.m. hadde i 2022 eit mindreforbruk på 106 878 kroner. Utgiftene for 3350 Parkar, plassar m.m. i 2022 var på 1 657 651 kroner. 1 160 004 kroner av desse er dekt av kyrkja. Dette er midlar som kompenserer for drift av kyrkjegardane.