Legetenesta

Brukarar av legetenesta: 8000 listepasientar

Det vart oppretta ein ny legeheimel i Giske i 2022 og kommunen har no 10 fastlegeheimlar og ein turnuslege. Vi har nådd målet om å ha dekking av alle fastlegelistene i løpet av året. Ved permisjonar har det vore utfordrande å rekruttere vikar og kommunen har i nokre tilfelle sett det som naudsynt å bruke vikarbyrå for å oppfylle lovkrava. Kontorkapasiteten ved legesenteret er i ferd med å bli sprengt og ved oppretting av ny heimel i 2023 vil ein ha utfordring med kontorplass.