Etikk

Med hjarte for Giske

Giske kommune har sett etikk i system. Dei etiske retningslinjene gjeld for tilsette og politikarar. Retningslinjene vert gjennomgått årleg i leiarsamlingar, i arbeidsfellesskapet og i rettleiing av tilsette. Etikk er på agendaen i opplæring for nye leiarar, og i alle tilsettingsprosessar. I 2022 har refleksjon over etiske dilemma vore på saklista i kommunedirektøren sitt leiarforum, og i dei regelmessige møta mellom kommunedirektør og tillitsvalde.

Både verdidokumentet og dei etiske retningslinjene er rettesnor i møte med innbyggjarane, samarbeidspartnarar, og mellom dei tilsette. Dei skal hjelpe oss til å nytte hjartet i beslutningane våre, og i korleis vi opptrer.

Giske kommune har blant anna gjennom rutiner og prosedyrer fokus på antikorrupsjonsarbeid. Økonomirutiner har fokus på delt ansvar i bestilling, fakturahandtering, begrensing i beløpsgrenser ved godkjenning.