Lånegjeld, renter og avdrag

2022 2021 2020 2019 2018 2017
Langsiktig lånegjeld(1.000kr) 1 187 692 1 130 630 1 049 528 1 067 584 1 055 919 1 039 234
Langsiktig lånegjeld, kroner per innbyggar *) 128 950 123 931 123 372 126 251 125 735 125 330
Lånegjeld i % av brutto driftsinntekter 139,5 139,04 150,59 160,68 165,73 168,57
*) Basert på innbyggartal pr. 31.12.2022: 8 692 innb.

Langsiktig lånegjeld eigne lån var kr 1 120 829 970, formidlingslån var kr 66 861 674 per 31.12.2022.

Ubrukte lånemidlar eigne lån pr. 31.12.2022 var kr 39 563 282, og Startlån kr 21 320 298.

Langsiktig gjeld ekskl. formidlingslån har i 2022 auka med 57 mill. kr. Langsiktig gjeld formidlingslån har i 2022 auka med 1,67 mill.kr. Tabellen viser at kommunen si samla lånegjeld i perioden 2017 - 2022 har auka med 148,5 mill.kr.

Av langsiktig gjeld til investeringar kan ein rekne at 222,3 mill. kr gjeld lån innan vatn, avløp, slam og renovasjon, som restverdi pr. 31.12.22 og avskrivingsgrunnlag for VAR-området i 2022.

Riksrevisjonen definerer høg lånegjeld til 75% av driftsinntektene, KS antyder at ein gjeldsgrad på over 100% er ugunstig. Giske kommune har ein gjeldsgrad på 147,8 % og er av dei høgste i landet.

Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter

Investeringsnivå og opptak av lån må rettas slik at lånegjelda ikkje er større enn at utgifter til renter og avdrag vert dekt gjennom løpande inntekter. Det er derfor viktig å ha kontroll på utviklinga av gjeldsnivået. Ein auke i lånegjelda indikerer at kommunen må bruke ein større del av inntektene til å dekkje renter og avdrag. Det historisk lave rentenivået dei siste åra har bidrege til at kommunen har unngått at renter og avdrag tek ein større del av inntektene. På lengre sikt med eit normalt rentenivå vil auka lånegjeld få betydning for rammene til tenesteproduksjon.

Tabellen ovom viser netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter. Netto lånegjeld er definert som langsiktig gjeld ( eksklusiv pensjonsforplikterler) fratrukke formidlingslån. Nett lånegjeld har passert grensa i måltalet på maks 100%.

Netto lånegjeld per innbygger

Netto lånegjeld per innbygger var i 2022 kr 128 950 mot kr 123 931 i 2021. Netto lånegjeld per innbygger har hatt ein auke på 2,88 prosent sidan 2017.

Soliditet

Solididet måler evnen til å tåle tap. Gjeldsgrad og eigenkapitalprosent gir informasjon om dette. Gjeldsgraden viser forholdet mellom gjeld og eigenkapital. Ein gjeldsgrad på 1 vil sei at kommunen har like stor gjeld som eigenkapital. Til mindre dette forholdstalet er, til meir solid er kommunen. Gjeldsgraden korrigert for pensjonsforpliktelser var i 2022 2,75 mot 2,95 i 2021.

Eigenkapitalprosenten fortel noko om kor stor del av kommunen sine eigedeler som er finanseirt eg eigenkapital. Ved utgangen av 2022 var 19,16 prosent av eigendelane finansiert med eigenkapital, mot 18,12 prosent i 2021.

KOSTRA

KOSTRA

2022 2022 2021 2021 2020 2020
1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 1 1532 Giske Kostragruppe 1
Langsiktig gjeld ex pensj.forpl i prosent av brutto driftsinntekter 147,7 115,1 145 113,7 148 114,9
Netto lånegjeld i kroner per innbygger 113 194 93 502 117 026 93 399 107 360 88 071
Arbeidskapital ex. Premieavvik i prosent av brutto driftsinntekter 27,7 21,2 28,1 20,1 22,7 18,8

Giske ligg i landstoppen i gjeld. Dette kjem av at det har vore satsa på store investeringar med nytt omsorgssenter og ny barneskule.

Netto lånegjeld i kroner per innbygger er har ein nedgang med kr 3 832 per inbyggar, eller 3,3 % medan kostragruppa har ein auke på kr 103 eller 0,1 %.

Dette viser at ei sterk prioritering av investeringane har gitt resultat i dempa gjeldsvekst. Giske kommune ligg fortsatt på eit høgt nivå i høve inntektene og det er fortsatt naudsynt å prioritere for å redusere gjelda ytterlegare.

Endring i arbeidskapital fortel i hovedsak om kommunen sin betalingsevne er bedra eller forverra. Den vert beregna som omløpsmidler med frådrag for kortsiktig gjeld, korrigert for endring i ubrukte lånemidler. Arbeidskapital er differansen mellom anskaffelse av midlar (inntekter og innbetalinger) og anvendelse (utgifter og utbetalinger) av midlar i regnskapet. Når anskaffelse er større enn anvendelse har arbeidskapitalen økt.

Begrepet arbeidskapital er misvisande då driftsregnskapet vert påverka av premieavvik (forskjellen mellom innbetalt pensjonspremie til livselskapa og beregna pensjonskostnad).

Oversikta syner at giske sin arbeidskapital er bedra frå 2021 til 2022, og at Giske kommune har betre arbeidskapital en gjennomsnittet i kommunegruppe 1.