Grunnkjøp

5520 Grunnkjøp

Regnskap 2022 : Meirforbruk kr. 185 000

Ansvarsområdet handsamar alle tingsrettslege problemstillingar knytt til kommunens eigedomar - både for det som gjeld tidlegare saker, pågåande- og framtidige erverv/avhendingar. Grunna bemanningssituasjonen (permisjonar og sjukdom) har ein ikkje kunna gitt arbeidsområdet tilstrekkeleg prioritet.

I det aller vesentlegaste har ein jobba med utvikling av gjøsund næringsområde – generelt for området under eitt og særskilt for kommunens eigedomar/areal. Vidare har ein forsøkt å bistå inn mot prosjektleiar for mudringsprosjketet.

Ein legg opp til å prioritere grunnkjøpsarbeidet med heil stilling i det vidare.

Ferdigstilling av pågåande rulleringsarbeid med kommuneplanens samfunnsdel samt rullering av arealdelen er ein føresetnad for vidare planlegging- og gjennomføring av avhending av (større) kommunale eigedomar.

Kjøp av grunn til eigne utbyggingsprsojekt gjennomførast som avtaleskjøn – etter frivillig avtale om grunnavståing med prisfatsetting i rettsleg skjøn. Planlegging, gjennomføring og oppgjør følgjer av fastsett produksjon-/prosjektløype (jf. tidlegare LEAN-arbeid).