5 Oppvekst

Alle tal i heile 1 000

Drift

Drift

5 OPPVEKST Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Teneste 2022 2022 2022 2021
1250 IKT 2 - - -
2110 BARNEHAGE 79 792 80 618 80 142 81 229
2111 STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN 9 586 9 941 9 941 8 503
2120 GRUNNSKOLE 120 925 116 927 115 024 113 368
2121 PEDAGOGISK RETTLEIINGSTENESTE 1 382 1 045 1 045 1 253
2130 VAKSENOPPLÆRING 611 3 721 3 721 1 339
2150 SKOLEFRITIDSTILBOD 3 713 2 718 1 510 2 416
2220 SKOLELOKALER - - - - 3
2230 SKOLESKYSS 2 249 1 657 1 657 2 341
2412 PSYKISK HELSEVERN 4 - - -
2423 MOT - PROSJEKTET 311 290 290 339
3830 KULTURSKULE 966 275 275 1 507
Sum gruppeansvar: 5 OPPVEKST 219 541 217 193 213 605 212 291

Økonomi

Netto driftsresultat for oppvekstsektoren er 219 541 000

Også i starten av 2022 sette pandemien sitt preg på oppvekstsektoren. Einingane blei råka av smitte og dermed omfattande sjukefråvær både i barnegruppene og blant dei tilsette. Det omfattande fråveræt, saman med trange rammer som ikkje strakk til for lovleg drift, vanskeleggjorde spesielt den tidlege innsatsen og tilbodet til dei barna som trong kontinuitet, tett oppfølging og støtte - utan å ha særskildt rett til spesialundervisning.

Grunna sjukefråvær i skuleleiinga var det konstituerte leiarar på rektor og avdelingsleiarnivå. Dette fordra ekstra oppfølging og støtte og tilførte også sektoren læring, utvikling og eit styrka lag. Det har vore eit stort fokus på å utvikle varige betre praksisar i tråd med styringssignala. Retninga har vore fagleg og politisk forankra, noko som har styrka ei samlande framdrift.

"Det var bra eg kom" er den forankra visjonen for ein god oppvekst i Giske kommune, med David Mitchell sine 10 faktorar for ein inkluderande praksis, som sentralt og felles kunnskapsgrunnlag. Kommunestyret vedtok budsjettjustering for lovleg drift knytt til opplæring og fag, samt lærarnorm, frå august 2022. Vedtaket gav grunnlag for symjeopplæring, som blei igangsett i samarbeid med Bybadet og også Giske idrettslag. Det vart tilsett for lærarnorm frå hausten 2022.

Befolkningsframskrivinga viser at utgiftsbehovet i grunnskulen i Giske vil vekse fram mot 2030.

Teneste 2110 Barnehage

Dei kommunale barnehagane drifta med eit overforbruk på samla 6 %. Det har vore fleire småbarn i barnehagane i 2022. Teneste 2010 Førskule og private barnehagar drifta med eit underforbruk på 2,5 mill.

Teneste 2111 Styrka tilbod til førskolebarn

Området gjekk hadde eit resultat på -356 654,- Spesialpedagogane er knytt tett opp til den enkelte barnehage, bidrar i inkluderingsteam og også i avdelingsmøte for slik å skape betre samanheng mellom det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske, for slik å kunne utvikle betre praksisar. Spesialpedagogane har også støtta barnehagane i å utvikle den analytiske praksisen, bruk av analysemodellen.

Teneste 2120 Grunnskule

Grunnskule hadde eit overforbruk på knapt 4 millionar. Grunnskulane har hatt eit stort fokus på å utvikle eit likeverdig tilbod. Det har vore tett økonomioppfølging. Det meste av overforbruket er knytt til nye oppgåver og tilsetting for meir lovleg drift. Det er tilsett pedagogisk rettleiar, 4 rektorar og 6 nye avdelingsleiarar i grunnskulen dette året. Stillinga som pedagogisk konsulent står vakant gjennom 2021. Dette har medført mykje ekstraarbeid, noko som har gått på bekostning av den vanlege tenesteleveringa.

Teneste 3830 Kulturskule

Kulturskulen gjekk med eit større overforbruk i 2022. Drifta, og dermed tilbodet, i kulturskulen har vorte redusert år for år. Det var utfordrande å redusere drift i tråd med intensjonen. Det var gjort ei feilbudsjettering med tanke på foreldrebetaling.

Kulturskulen er eit viktig supplement til oppvekstmiljøet i Giske kommune, med bidrag for å gjere Giske kommune til ein god plass å vekse opp, gi opplæring og meistring, samt gi barn høve til å følgje sin draumar og ambisjonar. Ein av elevane fekk tildelt det prestisjefulle Draumestipendet, eit stipend som går til unge talentfulle utøvarar innanfor kunst og kultur. Kulturskulen er eit viktig bidrag til elever som vil utvikle talentet sitt, samt ei viktig støtte til kulturlivet i Giske kommune. Kulturskulen bidrar med kompetanse og støtte til ungdomskulen sin årlege musikal, og leverer tenester til andre etatar som fører livsglede og meistring.

Teneste 2121 Pedagogisk rettleiingsteneste

Pedagogisk rettleiingsteneste hadde eit overforbruk på ca 130 000. Den endra flyktningesituasjonen kombinert med at stillinga som pedagogisk konsulent står i vakanse gjer at det er estimert at ca 25 % av stillinga knytt til pedagogisk rettleiing grunnskule er knytt til arbeid med flyktningområdet, vaksenopplæring og grunnskule for vaksne. Dette har generert overtid. Tenesta er tett på utviklinga av varige betre praksisar for ein inkluderande oppvekst i Giske kommune.

Teneste 2130 Vaksenopplæring

Sidan hausten 2020 har Giske kjøpt vaksenopplæringstenester frå Hareid kommune. Avtalen har utløp i august 2023, og det vart valgt å sende ut nytt konkurransegrunnlag for å kunne vurdere tilboda i Ålesund kommune og Hareid kommune opp mot kvarandre.

Teneste 2150 Skolefrititdstilbod

Giske har den høgste foreldrebetalinga i fylket. Det blir gjort årlege utrekningar av sjølvkost i SFO-ordninga. Det manglar 20 % på at SFO-ordningane blir drifta til sjølvkost. Nettokostnaden går, i hovudsak, til ekstra tiltak for barn med særskilte behov. SFO fekk ny rammeplan gjeldande frå august 2021. Det vart gratis kjernetid i SFO for alle 1. klassingar frå 1. august.

Teneste 2230 skuleskyss

289 elevar hadde tilbod om skuleskyss hausten 2022 og det var eit overforbruk på vel 500 000 på dette området.

Andel barn (0-18 år) i prosent av samla folketal per 31.12.2022

Som grafen over syner, er Giske den mest barnerike kommunen i fylket. I 2022 vart det fødd 82 barn tilhøyrande Giske kommune. 26 % av innbyggarane er under 18 år. 45,3 % av kommunen sine netto driftsutgifter går til barnehage og skule. 16,9 % av kommunens går til barnehage, og 28,4 % til grunnskule.

Her finn du fleire fakta om Giske: Kommunefakta Giske - SSB

Mål Kva er gjort Resultat
Bærekraftsmål nr 17: samarbeide for å nå måla Felles fokus og retning for heile oppvekstområdet, barnehage, skule og SFO. Inkluderande praksis, felles prosedyrer. Leiargruppa i oppvekstsektoren framstår som eit samla lag. Felles handlingsplan for retten til eit trygt og godt miljø, felles fagdagar for alle tilsette. Felles fagsamlingar for leiarar.
Lovleg drift: -Lærarnormen krev auka lærarinnsats, symjeopplæring, fysisk aktivitet og leksehjelp skal være ein naturleg del av det ordinære tilbodet Det vart løyvd midlar tilsvarande utrekna manglande lærarnorm frå hausten 2022 Skulane fekk tilsette på lærarnorm frå hausten 2022. Ressursar til tilstrekkeleg tidleg innsats etter §1-4 manglar ved skulane.
Fagfornyinga – nye læreplanar skal setjast i verk frå 2021 Arbeidet med fagfornyinga er i god gjenge, men har blitt utfordra av summen av endra styringssignal (Kompetansereform, Oppvekstreform mm) Skulane har ikkje i tilstrekkeleg grad fått handlingsrom til å realisere Fagfornyinga.
Redusert omfang av spesialundervisning gjennom tidleg innsats Fokus på kompetanseheving og samordning, manglande ressursprioritet til tidleg innsats, barnehageområdet har lågast ressursprioritet i landet Det har vore ei uønska utvikling med større omfang av spesielt små vedtak seint i grunnskuleløpet, noko vi forstår som ein konsekvens av manglande tidleg innsats
Inkluderande praksis "Det var bra eg kom" Felles fagdag for tilsette i skule og SFO knytt til Inkluderande praksis. Samarbeid mellom oppvekst/PPT/Statped og Regionrådet om kartlegging og kompetanseheving. Oppvekstsektoren har fått eit samla fokus knytt til inkluderande praksis. Kompetansebehovet er kartlagt og tiltak for kompetanseheving iverksett.
Innføre programmet "På sporet" for elevar som står i fare for å utvikle lese- og skrivevanskar Vidareført til også å gjelde arbeid med grunnleggande begrep BU-modellen Arbeidet pågår
Vidare arbeid med digitalisering Stillinga som pedagogisk konsulent står framleis vakant. det er krevjande å sette digital retning for fagleg utvikling i oppvekst utan denne ressursen Det er lagt ein plan for overgang til INTUNE som flåtestyring for nettbretta.
God kvalitet grunnskule Årleg tilstandsrapport for grunnskule vart utsett Denne vart behandla først i 2023
Vidareføre arbeidet med TALK-prosjektet, sosiale læreplanar for menneske med høgtfungerande autismespekterforstyrrelse Både barnehagane og helsetenestene er no med i prosjektet. Barn med autismeutfordringar møter større fagleg kompetanse i barnehage og skule. Den tverrfaglege samhandlinga er satt på agendaen. Det er ønske om å oppretthalde driftinga av nettverk knytt til TALK-kompetansen
Nærvær - sjukefråvær under 6% Sjukefråværet har ramma den enkelte eining i bølger knytt til smitteutbrot. samla for oppvekstområdet 9,3 %
God økonomistyring Månadleg rapportering og oppsummering per tertial. Det er tett og systematisk økonomioppfølging. det er framleis utfordrande for einingsleiarane å ha lovleg drift innafor tildelte rammer.

Berekraft, berekraftsmål nr 17, saman for å nå måla

Tilsette i oppvekstsektoren erfarer å ha bruk for eit tettare samarbeid med fokus på å utvikle likeverdige tenestetilbod i barnehage og skule. Det har vakse fram ei forståing av at kapasiteten aukar når tilsette og leiing lærer saman og av kvarandre. Teknologisk kompetanse og erfaring med digitale møterom har opna opp for effektivt samarbeid internt i oppvekst, på tvers av einingar og også tverrfagleg. Eit tydeleg frampeik vil vere å utvikle god og effektiv samhandling til beste for barna som veks opp her. I denne samhandlinga vil det også vere rom for føresette, frivillige, lag og organisasjonar.