Skulehelseteneste, helsestasjon og jordmorteneste

Ca 1500 barn mellom 0-18 år får oppfølging av helsestasjon, 120 får oppfølging av jordmor.

I 2022 var det 82 fødslar og 6 nytilflytta barn.

Ut frå helsestasjonen sine register:

  • 63 born 0-15 år (46 familiar) har flytta til Giske kommune i 2022
  • 26 av borna er utanlandske (18 familiar).
  • 36 born 0-15 år (23 familiar) har flytta frå Giske kommune i 2022

Helsestasjonen mottok også i 2022 tilskotsmidlar tilsvarande 2,6 stillingar for styrking av mellom anna skulehelsetenesta og jordmortenesta. Kompetansen til helsesjukepleiarane blir nytta meir strukturert i dei oppretta inkluderingsteama på skulane og sikrar det helsefaglege perspektivet i det tverrfaglege arbeidet med å styrke det inkluderande arbeidet i skulen. Tenesta har også hatt ei satsing på foreldrestøttande og foreldreførebuande tilbod og har gjennomført fleire ulike kurs i 2022. Styrking av jordmortenesta har også gjort det mogleg å fylgje opp måla om tidleg oppfølging til barselkvinner etter utskriving frå sjukehuset.

Fødde

Fødde

2022 2021 2020 2019 2018 2017 2016
Fødde i løpet av året (antall) 82 120 99 99 108 119 113
Fødde per 1000 innbyggarar (per 1000) 9,4 14,0 11,6 11,7 12,9 14,4 13,8
Kjelde: SSB 11820: Utvalgte nøkkeltall befolkningsprofil , etter region, statistikkvariabel og år

Kostratal helsestasjon- og skulehelseteneste, 2022

Kostratal helsestasjon- og skulehelseteneste, 2022

Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 01 Landet utan Oslo
Avtalte årsverk i helsestasjon- og skulehelsetenesta per 10 000 innbyggerer Årsverk 45,4 54,0 51,8