4 Diverse tenesteområde

Diverse tenesteområde omhandlar tenesteområde NAV, sosiale tenester

Alle tal i heile 1 000

Drift

Drift

Teneste 4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Teneste 2022 2022 2022 2021
2420 SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING 3 515 3 299 3 299 2 281
2760 KVALIFISERINGSPROGRAM 1 105 1 209 1 209 1 151
2810 ØKONOMISK SOSIALHJELP 4 386 3 193 3 193 3 615
2851 NAV DRIFT - STATLEG DEL - 7 7 - 28
Sum gruppeansvar: 4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE 9 005 7 707 7 707 7 019

NAV Giske, sosiale tenester

NAV Giske hadde eit samla meirforbruk i 2022 med kr 1 297 718. Dette har samanheng med auke i mottak av flyktningar. Det var ikkje budsjettert for denne auka og det vart ikkje gjort budsjettendring ila 2022 til ramme 4. Utgifter er knytt til meirforbruk sosialhjelp og ei stilling frå 01.08.2022 på grunn av auke i mottak av flyktningar.

Økonomisk sosialhjelp:

På tross av at det er god tilgang til arbeid har talet på personar som har motteke sosialhjelp i 2022 gått opp frå 2021. 123 personar mottok økonomisk stønad i 2022, og 35 av desse var under 30 år. Dette er ein nedgang på 10 personar frå 2021. I disse talla er også busette flyktningar som har motteke støtte i samband med etablering inkludert. Ein ser at ein del av flyktningane blir langtidsmottakar av sosialhjelp grunna alder.

Eit driftstiltak i 2022 var å tilsette ein jobbkonsulent i engasjement for å bistå med å skaffe og behalde arbeid. Ein ser også at levekostnader har auka. Dette gjelder utgifter til bustad, strøm mv.

Frå 01.09.2022 blei det lovfesta at barnetrygd skal holdast utanfor med beregning av økonomisk stønad.

Arbeidsløyse:

I 2022 var arbeidsløysa i Giske lav og i desember var 1,4% av arbeidsstyrken heilt ledig. NAV si erfaring er at det fortsatt er stort behov for kvalifisert arbeidskraft. Arbeidsløysa i Giske er særleg kjenslevar for aktiviteten i industrien, flyplassen og auka aktivitet/nedtrapping her gir også store ringverknader til underleverandørar og andre.

Framandspråklege innbyggjarar:

Kommunen fekk ei stor auke i framandspråklege innbyggarar. Dette gjeld både arbeidsinnvandrarar, flyktningar og familiegjenforeinte. NAV-kontoret har stor pågang frå framandspråklege brukarar. På grunn av språkutfordringar er det krevjande å kunne rettleie desse på ein god måte og det krev mykje ressursar og mykje bruk av tolketenester, samstundes som ein del av desse brukarane slit med å kome inn på arbeidsmarknaden. Dette kan henge saman både med manglande språkkunnskapar i norsk og lite/ingen formell kompetanse.

Brukarar under 30 år

NAV Giske har en stor del brukarar under 30 år som slit med å få innpass i arbeidslivet og/eller varig tilknyting til arbeidslivet. Dette kan skuldast fleire forhold som til dømes fråfall i vidaregåande skule, helseutfordringar eller sosial arv. Desse kan vere aktuelle både for kommunale og statlege ytingar og tiltak. NAV Giske vil særleg prioritere brukarar under 30 år i høve oppfølging og arbeidsretta tiltak.

Digitalisering av tenestene

Tenesteytinga innan NAV har endra karakter dei seinare åra. Særleg gjeld dette innan dei statlege tenestene og ytingane. NAV-kontoret er ikkje lenger einaste «førstelinje» i etaten. Ein legg i større grad til rette for at brukarane kan finne informasjon og kommunisere med NAV digitalt eller via NAV kontaktsenter på telefon, i staden for å oppsøke NAV-kontoret. Dette frigjer tid og ressursar i NAV- kontora til å følgje betre opp dei brukarane som treng NAV mest. I 2020 fekk ein ta i bruk DIGISOS som er digital innbyggjartenester og det gjer at ein kan søke økonomisk sosialhjelp digitalt. Dette inneber at innbyggarar som er sjølvhjelpne i utfylling ikkje behøver å oppsøke NAV-kontoret for å levere søknad om livsopphald. Dess fleire innbyggarar som tar i bruk den digitale søknaden framfor papirutgava, desto mindre tid treng NAV å bruke på administrasjon av papir og scanning. Dette frigjer tid som NAV kan bruke til tettare brukaroppfølging. Søkjar som av ulike årsaker ikkje kan eller vil nytte seg av den digitale kanalen, skal fortsatt kunne møte opp på NAV-kontoret eller bruke papirsøknad.


Marknadsarbeid:

NAV Giske har også i 2022 hatt fokus på kontakt med bedrifter og næringsliv. Kontakt med lokale og regionale bedrifter er viktig relasjonelt arbeid i høve målsettingar om å få fleire personar ut i arbeid og aktivitet. NAV har hatt høg aktivitet på marknadsarbeid og har aktivt brukt tiltaksbudsjett til å gi fleire moglegheiter til arbeid og aktivitet. Ein ser diverre at personar som sto utanfor arbeid i starten på pandemien står lengre unna arbeid, trass for god tilgang til ledige stillingar. Dette er ofte personar som manglar formell kompetanse og utdanning.

Busette flyktningar:

NAV Giske har formelt samarbeid med flyktningtenesta i kommunen i høve busette flyktningar. Arbeidet har særleg hatt fokus på arbeid og aktivitet. Ein har også i 2022 arbeidd ilag med flyktningstenesta for å vidareutvikle samarbeidet og klarleggje korleis NAV kan bidra inn i introduksjonsprogrammet og auke grad av arbeidsretting av programmet. Vi erfarer at dei busette flyktningane har hatt større behov for sosiale tenester også under introduksjonsprogrammet enn det ein hadde sett føre seg.

Målekort

Målekort

Mål Kva er gjort? Resultat 2021
Auke tal brukarar som nyttar digitale tenester. Mål 80% For 2022 var 60% av søknader om økonomisk sosialhjelp sendt digitalt. Bakgrunn for at ein ikkje har kome nærare måltal er grunna mottak av fleire flykninger. For denne gruppa kan det ta tid før ein får høve til å nytte digital søknad. 60%. Målet er ikkje nådd
Oppretthalde fokus og satsing på gjeldsrådgjeving På generelt grunnlag har ein ikke merka auka pågang frå privatpersoner som søker økonomisk rådgivning via NAV Giske gjennom 2022. NAV følger nøye med på utviklinga i samfunnet. Bidrar med råd- og veiledning i individuelle brukarsituasjonar. Frå mai 2022 har NAV Giske leigd ut 40% ressurs til Vestnes kommune. Målet er nådd
Vurdere Kvalifiseringsprogrammet (KVP) for brukarane og tilby program til alle som fyller vilkåra I snitt 5 personar i KVP gjennom året. Auka satsing på programinnhald. Målet er nådd
Sette vilkår om aktivitet 2) ved tildeling av økonomisk sosialhjelp til brukarar under 30 år Oppfølging av ungdom under 30 er ein av hovudprioriteringane til NAV. Det er viktig med tidleg og tett oppfølging av denne gruppa. Det gode samarbeidet NAV har med Giske Frivilligsentral har også hatt mykje å sei. Tiltaket blir brukt som aktivitetskrav for mottakarar av sosialhjelp. Det blir også brukt som arbeidsretta aktivitet for brukarar med krevjande og samansatte utfordringar. For brukarar med situasjonsbestemt innsats var 75% av brukarar i avtalt aktivitet. Målet er nådd
Ein trygg og sikker arbeidsplass ROS-analyser og vernerunde er gjennomført. Ein vurderer til ei kvar tid optimal organisering av arbeidet. Kontinuerleg arbeid
Systematisk HMS-arbeid Vernerunde og medarbeidarsamtalar er gjennomført. Ansattundersøkelse frå november viser stor arbeidsglede og trivsel. Kontinuerleg arbeid
God økonomistyring Meirforbruk kr 1 297 718, grunna mottak av fleire flyktningar enn budsjettert. NAV ville gått med balanse viss eininga hadde fått dekka utgiftene i høve flyktningar frå Ukraina. Målet er ikkje nådd

Brukarar 2019-2022

Brukarar 2019-2022

Brukarar: 2019 2020 2021 2022
Arbeidssøkjarar og personar med nedsett arbeidsevne 408 personar 566 personar 481 personar 334 personar
Heilt arbeidsledige 1,4% (62 personar) 2,6% (118 personar) 1,3% (59 personar) 1,4 % (62 personar)
Sjukmelde 276 personar 283 personar 254 personar 322 personar
Økonomisk sosialhjelp 109 personar 102 personar 116 personar 123 personar
Gjennomsnittleg stønadslengd 93 dagar 121 dagar
Gjeldsrådgjeving 28 saker 24 saker 14 saker 17 saker.
Brukarar i kvalifiseringsprogram 8 personar 8 personar 7 personar 5 personar

Bærekraftsmål

1 og 2: Forebygge og redusere fattigdom, ta hensyn til barns beste. Tenesta arbeider kontinuerleg med oppgåver for å førebygge og redusere fattigdom.

8: Økt inkludering i arbeidslivet: Aktivitetar og samarbeid med ulike partar for å få fleire i aktivitet og arbeid.

17: Samarbeid mellom ulike enheter. Nav har gjennom året samarbeida med ulike tenester i kommunen, næringslivet og andre aktørar/partar. Samarbeidet har vore viktig for framgang og utvikling i brukarsaker.