Plan - kommuneplan mm

5510 Plan

Regnskap 2022 : Resultatet viser om lag balanse, med eit lite meirforbruk på kr. 6 096

Kommuneplanen

Det har vore arbeidd med samfunnsdelen 2023-2033. Kommunestyret sende saka tilbake til formannskapet som ønska å diskutere meir rundt sentera i kommunen. No har formannskapet vedteke planen og den skal opp i kommunestyret i april.

Områdeplan for Sætra og Gjøsund – kommunens sitt handelssenter

Formannskapet støttar ikkje lenger planskissa for omlegging av Valderøyvegen ved Sætra med rundkøyring på riksvegen, men går for gjenbruk av dagens kryss. Formannskapet har vedtatt å sette planarbeidet på vent i påvente av konstruktiv avklaring frå statleg vegmynde knytt til løysing av dei problematiske vegtilhøva i området.

PAKT

PAKT er vedtatt av kommunestyra i Ålesund, Sula og Giske, og planen er vedtatt i fylkesstyret som regional plan.

Interkommunal sjøarealplan

Kommunestyra i Ålesund, Sula og Giske vedtok i 2021 eit forprosjekt med sikte på å utarbeide felles kystsoneplan for dei tre kommunane. Møre og Romsdal fylkeskommune støttat prosjektet økonomisk. Grunna økonomiske avklaringar har saka stoppa opp, men det er venta at planarbeidet vil bli starta opp i 2023.03.06

Veteranplan

Kommunane Giske, Sula og Ålesund har etter initiativ frå kommunedirektørane gått saman om å lage ein interkommunal veteranplan. Målet er at det skal verte betre å vere veteran i desse sunnmørskommunane.

Veteranplanen bygger vidare på Regjeringa sin oppfølgingsplan for veteranarbeidet, og tiltaka er sortert på følgande område: Anerkjenning, ivaretaking og oppfølging.