6 Barn, familie og helse
Drift
6 BARN, FAMILIE, HELSE | Rekneskap | Buds(end) | Budsjett | Rekneskap | |
---|---|---|---|---|---|
Teneste | 2022 | 2022 | 2022 | 2021 | |
1260 | SAKSBEHANDLING - FELLES | 114 | 105 | 105 | 106 |
2111 | STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN | 904 | 1 302 | 1 302 | 874 |
2120 | GRUNNSKOLE | 2 509 | 2 565 | 2 565 | 2 151 |
2130 | VAKSENOPPLÆRING | 201 | 382 | 382 | 223 |
2320 | FØREBYGGING HELSESTASJONS- OG SKULEHELSETENESTE | 5 713 | 6 493 | 6 143 | 5 024 |
2330 | FOREBYGGANDE ARBEID, HELSE- OG SOSIAL | 756 | 754 | 754 | 708 |
2340 | AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA | 1 141 | 1 231 | 1 231 | 1 391 |
2410 | DIAGNOSE OG BEHANDLING | 14 969 | 13 301 | 13 301 | 14 412 |
2411 | FYSIO-/ERGOTERAPITENESTE | 5 650 | 4 617 | 4 617 | 4 887 |
2412 | PSYKISK HELSEVERN | 1 342 | 16 | 16 | 1 394 |
2413 | FRISKLIVSSENTRAL | 1 | |||
2420 | SOSIAL RÅDGJEVING OG VEILEDNING | - 140 | - 72 | - 72 | - 103 |
2421 | FLYKTNINGKONTOR | 3 154 | 2 242 | 1 092 | 1 142 |
2440 | BARNEVERNTENESTE | 6 817 | 7 555 | 7 555 | 4 703 |
2510 | BARNEVERNTILTAK I FAMILIEN | 2 479 | 2 443 | 2 443 | 3 386 |
2520 | BARNEVERNTILTAK UTANFOR FAMILIEN | 4 285 | 6 120 | 6 120 | 3 453 |
2540 | PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE | 2 542 | 2 514 | 2 514 | 2 293 |
2750 | INTRODUKSJONSORDNINGEN | 1 371 | 2 800 | 2 800 | 1 468 |
Sum gruppeansvar: 6 BARN, FAMILIE, HELSE | 53 807 | 54 370 | 52 870 | 47 513 | |
Økonomi
Rekneskap for ramme 6, Barn, familie og helse, viser eit meirforbruk kr 937 000 ut frå opprinneleg budsjett, men eit mindreforbruk kr 563 000 ut frå endra budsjett. Eininga vart tilført, via budsjettendring, kr 1 500 000 grunna mottak av fleire flyktningar, frå vedtak på 10 til nytt vedtak på 55 nye flyktningar. Flyktningtenesta fekk tilført 1,5 årsverk for å handtere oppgåvene. Barneverntenesta har eit mindreforbruk med om lag 2,5 mill. Tenesta har brukt mindre på barnevernstiltak utanom familien enn budsjettert. Legetenesta og fysio/ergo har eit meirforbruk, medan flyktning, helsestasjonstenesta og introduksjonsprogrammet har eit mindreforbruk. Pensjonskostnadane vart lagt til ramma seint på året. Kostnadane var ikkje budsjettert. Inntektene ligg til ramme 3.
Oppvekstreforma/barnevernsreforma tredde i kraft frå 1.1.2022. Kommunen har fått ansvar for institusjon og fosterheimsarbeid som barneverntenesta må handtere, ut over det ligg reforma til heile organisasjonen å følgje opp. Det krev mellom anna tett samarbeid mellom ei rekke tenester. Mange av oppgåvene vert løyst gjennom satsinga Betre tverrfagleg samhandling (BTS) Kommunen og barneverntenesta fekk tilført kr 2,8 mill i budsjett 2022 gjennom reforma, samtidig fall tilskotsordninga, som tenesta har fått gjennom mange år, bort med same beløp.
Kommunestatestikken viser at 28% av innbyggjarane i Giske kommune er mellom 0-20 år. Det er framleis nasjonal satsing på helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Desse tenestene søkjer vi tilskot til frå stat for å styrkje bemanninga. Betre tverrfagleg samarbeid (BTS) er eit overordna satsingsområdet i Giske kommune. Prosjektet vert finansiert gjennom tilskot frå Bufdir. Arbeidet er forankra både politisk og administrativt. Arbeidet skal treffe fleire lovkrav og reformer som er retta til kommunen å handtere. Kommunen vil framover ha stort fokus på tidleg innsats og førebyggande arbeid til barn og unge ein er bekymra for.
Giske kommune deltek i interkommunalt samarbeid og kjøper tenester hjå andre kommunar knytt til legevakt natt, barnevernvakt, krisesenter og overgrepsmottak.
Kommunen har fått tilført nye og fleire oppgåver dei siste åra. Det følgjer ikkje alltid med økonomiske midlar til å gjennomføre oppgåvene, kommunen må handtere dette med eksisterande ressursar. Tenestene gir tilbakemelding om stor arbeidsmengd og slitasje over tid.
Fastlegeordninga, som er krevjande i mange kommunar i landet, har vore stabil i Giske kommune i 2022.
Dei største utfordringane for eininga i 2022:
- Fleire stillingar i tenestene har stått vakante i store deler av året for å nå målet om innsparing, Dette har ført til stor belastning på tilsette og leiarar.
- Rekruttere og behalde fagpersonell.
- Auka sjukefråvær, 10% i 2022. Auka slitasje i tenestene.
- Styrke den tverrfaglege og koordinerte innsatsen til utsette barn og unge.
Mål/resultat
Utfordringar/mål | kva er gjort | Resultat/effekt 2022 |
---|---|---|
Opplevd god kvalitet i barnevernstenesta | Utarbeiding av rutiner for saksbehandling. Rutiner for betre internkontroll er sett i verk og dokumentert i Compilo. Fleire kompetansehevande tiltak for tilsette er sett i verk. | Ingen fristbrot i tenesta. Kontinuerleg arbeid. Totalt mottatte meldingar: 96 Henlagt etter undersøking: 32. Fristbrot i undersøking: 0% Barn med tiltak : 1.halvår: 47, 2.halvår: 46. Barn under omsorg: 5 . Barn på åtferd institusjon: 2. Tilsyn:11 |
Kapasiteten i fastlegeordninga skal vere tilstrekkeleg til å sikre alle innbyggjarane fastlege gjennom heile 2022 | Rekruttering av vikarar har vore utfordrande. I korte perioder behov for kjøp av vikarbyrå for å sikre tilbod om fastlege til alle. Det er oppretta ei ny fastlegeliste i 2022. | Målet om tilgjengeleg fastlege til alle innbyggjaraen er nådd. |
Betre koordinerte tenester | Prosjekt Betre tverrfagleg samhandling (BTS), overordna prosjekt, under arbeid. Utarbeidd BTS veiledar og modell for tverrfagleg samhandling, både på individ og systemnivå. Dette publisert på heimesida til Giske kommune. Her vil tilsette og innbyggjarar få informasjon om korleis handtere ein situasjon der ein er bekymra for eit barn/ungdom. Rutiner og prosedyrer for samhandling mellom helse og oppvekst er etablert. PPT og helsestasjonen deltek i skulen/barnehagane sine inkluderingsteam. Giske kommune har anskaffa felles digitalt samhandlingsverkty, DIPS, som skal gjere det enklare og betre å samarbeide om å yte best mogleg koordinerte tenester til barn/unge. BTS arbeidet er forankra politisk og administrativt, overordna styringsgruppe er etablert, vidare er ulike samhandlingarena under utprøving. | Målet er delvis nådd. Prosjekt pågår. Dette er eit kontinuerleg arbeid. |
Digitale søknader til omsorgstenestene | Prosessen vart avslutta då det viste seg at fagsystema ikkje tilfredstilte krava til sikkerheit for behandling av sensitive helseopplysningar ved eit digitalt søknadsskjema. | Målet er ikkje nådd |
Oppvekstreforma/barnevernsreforma trer i kraft frå 1.1.2022. Gode system for å fange opp tidleg tegn på skeivutvikling. | Oppgåver- og ansvarsoverføring frå stat til kommune både økonomisk og fagleg. Interkommunalt samarbeid er etablert for å møte krava om ansvar for oppfylging av fosterheimar. Alle tenestene har vore involvert i arbeidet med prosjektet Betre Tverrfagleg Samarbeid som har som tidleg innsats og betre koordinerte tenester som hovudmål. Det er utarbeid ein modell for tverrfagleg samhandling både på system og individnivå. Rutiner og prosedyrer for samahandling mellom helse og oppvekst er etablert. PPT og helsestasjonen deltek i skulen/barnehagane sine inkluderingsteam. | Målet er delvis nådd, kontinuerleg arbeid. |
Kompetanseutvikling i alle tenester | Tilsette i barnevern har gjennomført relevant vidareutdanning i regi av Bufetat. Auka bruk av e- læring i alle tenester. Felles kompetanseplan for eininga er utarbeida. Alle tenester har definerte mål om kompetanseutvikling innafor sitt fagområde. Delvis gjennomført tiltaka i felles kompetanseplan. | Målet er delvis nådd. Kontinuerleg arbeid. |
Sjukefråvær skal ikkje overstige 5% | Det er hovudsakleg langtidssjukefråveret som har auka. Kartlegging og analyse av situasjonen i eininga sitt HMS-utval er gjennomført. Årsakane er ofte samansette og etter tilbakemelding frå dei tilsette er det i liten grad arbeidsrelatert. | Målet ikkje nådd. Sjukefråveret i eininga i 2022: 10,00 % Kortidsfråver: 1,8% Langtidsfråver: 8,2% |
Effektivisere drifta i eininga | Prosjektgruppe etablert for å digitalisere søknader til helse og omsorgstenestene. Utarbeiding av modell for bedre samhandling mellom tenestene. Etablering av nye rutiner for tverrfagleg drøftingsmøte. Gjennomgang av tildelingskriterier for oppretting av individuell plan. | Målet er delvis nådd. Kontinuerleg arbeid. |
Digitalisering av tenestene | Barnevernet er fullelektronisk og nytter SvarUt i fagprogrammet. Fleire tenester nytter digitale møter både i møte med brukarane og til internt/eksternt samarbeid. | Målet er delvis nådd. |
God økonomistyring | Gode rutiner for rapportering frå dei ulike tenesteområda er etablert. | Regnskapet for 2022 viser eit mindreforbruk på kr 563 000. Dette skuldast i hovudsak mindreforbruk på løn på grunn av høgt sjukefråver. |
Oversikt tal årsverk i eining Barn, familie og helse
Teneste | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | Merknad |
---|---|---|---|---|---|
PPT, logoped | 4 | 3,8 | 4,3 | 4,3 | Reduksjon logoped 2020 |
Helsestasjon, jordmor | 10.3 | 10,3 | 10,3 | 10,3 | 7,5 er faste stillingar, 2,8 prosjektstilling |
Legetenesta | 2,58 | 2,58 | 2,58 | 2,58 | Kommunale årsverk |
Fysio/ergo/kvardagsrehab/velferdstekn. | 7,6 | 6,6 | 6,6 | 6,6 | 2,6 kvardagsrehab, 1 hjelpemiddellager |
Psykisk helseteam barn og unge | 3 | 2 | 2 | 2 | |
Barnevernstenesta | 8 | 7 | 7 | 8 | |
Tildelingskontor | 4,7 | 3,7 | 3,7 | 3,7 | |
Flyktningtenesta | 1,63 | 1 | 1 | 2,5 | Auka 1,5 grunna auka mottak av flyktningar Ukraina |
Totalt årsverk | 41,79 | 36,98 | 37,48 | 39,68 |
Bærekraftsmål
Bærekraftsmål 3: God helse og livskvalitet. Eininga har sett i verk ulike rutiner og retningslinjer og følgt nasjonale krav og føringar. Giske kommune har god dekking av allmenne helsetenester. Kommunen samarbeider med Helseføretaket, politiet og kommunane rundt for å møte utfordringar på best måte. Giske kommune har eit godt samarbeid med Giske kommunale legesenter for å yte best mogleg samanhengande tenester.
Bærekraftsmål 17: Samarbeid for å nå måla. Prosjekt "Betre tverrfagleg samhandling" og "TALK" er viktig arbeid mellom oppvekst, helse og omsorg. Elles samarbeider tenestene både internt i eininga og med tenester i andre sektorar.
Kostratal 2020
Kostratal vert presentert under tenesteområda.