Kommunalt kartverk

5400 Kommunalt kartverk

Regnskap 2022: Mindreforbruk på kr. 302 639.

Mindreforbruket skuldast at større andel av lisensar frå kartleverandør (Norkart) fordelast på sjølvkostområda.

Kommunen har delteke i pilotprosjekt for etablering av marine grunnkart. Presjektet ferdigstillast på vårparten 2023. Kartdata produsert i prosjektet kan ein finne på Marinegrunnkart (avinet.no)

Vidare har kommunen inngått intensjonsavtale med fylkeskommunen for utarbeiding av regionalt program for å styrke det marine kunnskapsgrunnlaget i fylket. Arbeidet er eit ledd i å kunne posisjonere Møre og Romsdal inn mot ei nasjonal satsing på marin kartlegging langs kysten.

I 2022 har det ikkje vore investert i modular knytt til det kommunale kartet. Det vil imidlertid bli ein del investeringar i 2023 og 2024.