Overordna mål og satsingar

Overordna mål

Dei overordna måla til Giske kommune blir gitt i kommuneplanens samfunnsdel. Det vert arbeidd etter Samfunnsplanen for åra 2014-26. Den legg til grunn at Giske skal vere ei samspelkommune. I samspelkommunen ligg at eige ansvar, frivillig innsats og profesjonelle tenester spelar på lag på nye og kreative måtar. Dette er viktig i dag og i framtida, og særleg når ein ser korleis demografien i kommunen vil utvikle seg i same periode.

Satsingsområda som er valt for perioden er følgande:

  • Vere ein god plass å bu - der alle vil bu
  • Ha gode levekår
  • Vere ein god næringskommune
  • Ha eit rikt kulturliv

Satsingar

Basert på satsingsområda i samfunnsplanen har kommunen i 2022 arbeidd med følgande hovedområde:

  • Sikre god økonomisk styring og kontroll, og endre tenestetilbodet i tråd med samfunnsutviklinga. Giske kom ut av ROBEK i april 2022. Skal kommunen få ein berekraftig økonomi må den fortsette med endring og tiltak for å ta ned drifta. Omstillingsarbeidet som er set i gang i pleie og omsorgstenestene er ein kritisk suksessfaktor for å oppnå ei berekraftig økonomisk utvikling og møte framtidas utfordringar med vekst i helse og omsorgstenestene.
  • Omstillingsprogrammet «Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi»: fokus i 2022 har vore å ta i bruk eksisterande verktøy og arbeide med arbeidsprosessar knytt til dette. Nettbaserte løysingar for intern kommunikasjon og informasjon må vidareutviklast, overgang til digitale timelister, digital besøksregistrering i bygga, og ikkje minst forbetra digital søknadsprosess knytt til byggesak.
  • samhandle slik at det blir levert tenester til flest mogleg i samspel med innbyggarane, dei frivillige og dei tilsette.
  • samhandle med næringslivet, og legge til rette for vidare vekst, utvikling og nye næringar.
  • samarbeide med nabokommunane våre, særleg Ålesund kommune og Sula kommune for å bygge ein sterk region.
  • ha fokus på og vere pådrivar til vidareutvikling i bruk av digitale verktøy for å møte den veksten som kjem blant anna knytt til eldrebølgja.
  • arbeide for FN’s berekraftsmål for å ivareta miljøet, bruke mindre, gjenbruke, og ha eit spesielt fokus på havet og søppel i havet.
  • ferdigstille marine grunnkart saman med nabokommunane og ta det i bruk i hamneutvikling og i planlegging av sjøområda.
  • endre organisering og struktur ut ifrå samfunnsutviklinga.
  • bidra til felles utvikling av Ålesundsregionen gjennom viktige samspelsprosjekt som Smart-by, Plan for klima, areal og transport (PAKT) og handlingsplan for førebygging av vold og seksuelle overgrep.

Hovudmål 1: Giske kommune skal vere ein god plass å bu

Hovudmål 1: Giske kommune skal vere ein god plass å bu

6aup3jakT202 Mål Forventa resultat Når Økonomisk ramme Status 2022
Kommuneplan- samfunnsdel Tilrettelegge for bustadutvikling Reguleringsplanar blir behandla innan frist I planperioden Innanfor budsjett I planperioden.
Byggesaker vert behandla innan frist Fortløpande innafor budsjett Fortløpande
Utvikle infrastruktur i tråd med bustadutviklinga Kommunal utbygging Ikkje prioirtert i denne planperioden på grunn av den økonomiske situasjonen Krev investering Ikkje prioirtert i denne planperioden på grunn av den økonomiske situasjonen
Privat utbygging gjennom bruk av utbyggingsavtale med kommunen I planperioden Auka kostnadar til drift og vedlikehald etter utbygging I planperioden
Rullering samfunnsdel Oppdatere samfunnsplanen for neste planperiode. Fullføre rullering av samfunnsdel 2022 - 23 Innanfor budsjett Til godkjenning april 2023
Rullering arealdel Oppdatere arealdelen for neste planperiode. Vurdere rullering av arealdelen i 2022 - 2023 2023 Innanfor budsjett Oppstart arbeid i 2023

Hovudmål 2: Giske kommune skal ha gode levekår

Hovudmål 2: Giske kommune skal ha gode levekår

Plan/Vedtak Mål Forventa resultat Når Økonomisk ramme Status 2022
Kommuneplan Definere kva tenester kommunen skal tilby og nivået på desse Reduserte kostnadar 2022 Innanfor budsjett Leanprosjekt Pleie og omsorgstenester i takt med framtida. Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050
Avklart tenestenivå 2022 Innanfor budsjett Strategi bu- og tenestetilbod pleie og omsorgstenester i takt med framtida. Leanprosjekt, Pleie og omsorgstenester i takt med framtida.
Avklart ansvarsdeling mellom kommunen og innbyggarane, mellom anna gjennom å arbeide med serviceerklæringar og med basis i "kommune 3.0-tankegang" 2022 Innanfor budsjett Leanprosjekt Pleie og omsorgsteenster i takt med framtida.. Tildelingskriterier for heimebasert teneste og heildøgn institusjon, bukollektiv, psykiatri og rus er på plass.
Innføre ny struktur innafor oppvekstområdet Likeverdige tenester for alle brukarar, reduserte kostnadar 2022 Med eigne ressursar innanfor budsjett Skulestrukturen vart fullført etter vedteken plan hausten 2021. Auka elevtal medførte auka kostnader.
Utvikle omsorgstenester i tråd med samfunnsutviklinga i samspel med brukarane, pårørande og innbyggarane Tilpassa tenestetilbod til rett kvalitet til den enkelte brukar, reduserte kostnadar 2022 Med eigne ressursar innanfor budsjett Oppstart lean-prosess 2022. Ferdig 2023

Hovudmål 3: Giske kommune skal vere ein god næringskommune

Hovudmål 3: Giske kommune skal vere ein god næringskommune

Plan/Vedtak Mål Forventa resultat Når Økonomisk ramme Status 2022
Strategisk næringsplan (SNP) 2016-25 Starte utbygging av Gjøsund nasjonale fiskerihamn Starte mudringsarbeid Fullføre mudringsarbeid 2023 Stat-/ fylkesfinans Mudringsarbeidet fullført mars-23. Vidare plan for Gjøsund hamn og næringsområde vert arbeidd med.
Legge til rette for næringsutvikling Samarbeid med næringsaktørar i Giske kommune 2022 - 23 Innanfor budsjett Under arbeid.
Etablerar-satsing Fleire etablerarar på kurs Satsing på hoppid-kontoret 2022 Innanfor budsjett Under arbeid.
Landbruk og viltforvaltning Betre kunnskap om landbruksnæringa i Giske kommune. Gjennomført synfaringar og gardsbesøk ved behandling av søknader og spørsmål om areal-forvaltning 2022 Innanfor budsjett Utført.
Omorganisere viltområda Organisert hjortevalda i eit bestandsplan-område 2022 Innanfor budsjett Under arbeid.

Hovudmål 4: Giske kommune skal ha eit rikt kulturliv

Hovudmål 4: Giske kommune skal ha eit rikt kulturliv

Plan/Vedtak Mål Forventa resultat Når Økonomisk ramme Status 2022
Kommuneplan Legge til rette for ein berekraftig frivillig sektor som kan samspele med profesjonelle og kommunen Ein aktiv kulturkommune Årleg 2020-23 Innanfor budsjett
Bidra til at ungdommen finn sin plass i kommunen ved at dei får delta i og vere med på ulike aktivitetar og fritidstilbod Arrangere UKM og ulike verkstadsaktivitetar Årleg 2020-23 Innanfor budsjett
Sikre og merke turstiar frå fjell til fjøre, samt ta vare på kulturminne og kulturmiljø Betre tilrettelagt turområde for alle 2023 Innanfor budsjett I 2022 er Stikk ut skilt set opp i samråd med Friluftsrådet. Kommunen har delteke i planlegging og arbeid knytt til tursti Vigrastova til Blindheimsvika gjennom Frivillegsentralen.