Bygg- og eigedomsavdelinga

5100 Eigedomsavdelinga

Regnskap 2022 : Meirforbruk på om lag kr 950 000.

Meirforbruk utgjer 2,5 % av totalbudsjettet for avdelinga. Då er det ikkje lagt inn inntektssidene som gjeld flykning og korona på tilsaman kr 790 000 og heller ikkje sal av Giske kvileheim. Budsjettendringa er ikkje iverksett då det ved ein feil ikkje vart vedteke av kommunestyret, samt at kostnadane er vurdert som vedlikehaldskostnader som skal belaste drifta.

Der er overforbruk på lønnssida på kr 748 000 - dette er i stor grad knytt til reinhald og koronasituasjonen. I 2022 fekk vi finansielt utbytte på straum på om lag kr 3 500 000. I tillegg hadde vi og forsikringsoppgjer etter 2 brannar på om lag kr 600 000. Midla har gått til å dekke utbetring av fleire utleigeboligar og frittliggande omsorgsboligar. Dette har sett oss i stand til å utbetre fleire utleige- og frittliggande boligar for om lag kr 2 mill. Dette viser at ein sum på kr 2 mill ekstra har styrka vedlikehaldet mykje i 2022.

Forvaltningsmessig er situasjonen fortsatt særs kritisk. Kommunen slit med eit totalt etterslep på nær 170 mill., fordelt mellom investeringsbehov (50%) og driftsbehov (50%). Tiltak som vert tatt inn i investeringsplan, vil krevje auka vedlikehaldsbehov og driftsbudsjett.

Kommunestyret gjennomførte ein forvaltningsrevisjon i 2021 og den syne at kommunen årleg underfinansiere driftsmessig verdibevarande vedlikehald med ca. kr. 8 mill. Rapporten viser også underfinansiering på drift med om lag kr 2 mill.

For enkelte av bygga er situasjonen pr. dags dato slik at konsekvensane av tidlegare manglande/mangelfullt vedlikehald verkar sjølvforsterkande. Ein må rekne med at vedlikehaldsetterslepet komande år vil eskalere og tilsvarande forkorte det enkelte bygg sin levetid.

I eit bærekraftsperspektiv fordrar rasjonell byggforvaltning meir enn rein funksjons-/verdibevarande vedlikehald. Gitt at ein skal kunne maksimere byggets brukstid/nytteverdi må ein ha midlar til oppgradering for for å møte endra krav til funksjon (brukstilpasning) og energibruk. Pr. i dag har ein ikkje ressursar til dette - og har heller ikkje hatt dette over lang tid. Samla sett "forbruker" ein bygningsmassen mykje raskare enn forventa levetid.

Bygg og eigedom brukar verksemdplanen aktivt og forsøker å levere i forhald til den. Der er likevel område vi ikkje klarer å levere på grunna økonomi - og manglande avklaringar mellom tenestene.

Reinhald

Regnskap 2022: overforbruk lønn på vel kr 700 000 også etter lønnsrefusjon. Skuldast i hovudsak manglande overføring av koronaeffekt på kr 440 000. Elles mindreforbruk på andre driftsutgifter med knappe kr 100 000.

Tal tilsett er knapt- vi har i dag 15 fast tilsette (14,07 årsverk). Det trengs fleire tilsette for å dekke reinhald i formålsbygga.

I verksemdplan for 2022 følgjer ein opp behovet for kompetanseplan med tilrettelegging for individuelle løp fram til fagbrev. 8 reinhaldarar har tatt fagbrev (teorien) i 2022. Arbeidgivar har tilrettelagt for opplæring i kommunen.