Stab

Personal og løn

Personal- og lønsavdeling har 3,9 årsverk. Avdelinga sine hovudoppgåver er:

  • Utvikling og vedlikehald av overordna arbeidsgivarpolitikk
  • Støtte og rettleiing til einingane i utøving av arbeidsgivarpolitikken
  • Lønsarbeid, lokale lønsforhandlingar og rettleiing til einingane i lønsarbeid og i relevant lov- og avtaleverk som gjeld personalområdet
  • Bistå einingane i rekruttering og kompetanseutvikling
  • Overordna ansvar for HMS/IA-arbeid
  • Samarbeid med fagorganisasjonar og verneteneste

Avdelinga har nesten ikkje hatt sjukefråvær. Samarbeidet med tillitsvalde, verneteneste, topp- og einingsleiing fungerer godt. Avdelinga er framleis svært sårbar ved evt. sjukefråver, særlig gjeld dette lønsarbeidet.

Fagstab

Fagstaben består av

  • Seniorrådgivar kvalitet og beredskap
  • Pedagogisk rådgivar barnehage
  • Pedagogisk rettleiar (utgiftene til denne er ført i ramme 5)

Økonomi

Økonomiavdelinga i Giske kommune har 3,7 årsverk. Avdelinga sine hovudoppgåver er:

  • Føre rekneskap til Giske kommune og Giske kyrkjelege fellesråd, Gjelds- og finansfovaltning
  • Utarbeide samla årsbudsjett og økonomiplan for kommunen og rapportering og oppfølging av dette
  • Gi einingsleiarar m/fl. støtte og rettleiing innan økonomi, samt brukarstøtte for budsjettverktøy, økonomi- og e-handelssystem.
  • Vere kommunen sitt kontaktpunkt i høve innkjøpsfelleskapet på Sunnmøre, Nordre Sunnmøre kemnerkontor, skatteoppkrevjing og arbeidsgjevarkontroll

Avdelinga leverer i hovudsak tenester til interne brukarar. Det er likevel ein del publikumskontakt knytt til fakturakopi og spørsmål om utsende faktura, lån og aktivitet kring innkrevjing. Avdelinga er avhengig av godt samarbeid med eksterne leverandørar, lån- og finansforvaltarar, samarbeidskommunar og andre samarbeidspartnarar.

Kultur, service og næring

Eining Kultur, service og næring har 10,7 stillingar fordelt på 12 personar. Avdelinga sine hovudoppgåver:

  • Sentralbordteneste samt informasjon og rettleiing av innbyggaran knytt til kommunale avgifter, bustønad og startlån
  • Giske kommunes felles saksarkiv
  • Politisk sekretariat
  • Ansvar for førebuing og gjennomføring av kommune- og Stortingsval.
  • Bibliotekteneste
  • IT ved systemintegrator
  • Næringskontor
  • Kulturkontor
  • Frivillegsentralen

Hovudmål

Levere god service til innbyggarane og politisk leiing gjennom å vere godt oppdatert på det som skjer i kommunen. Sørge for at politiske saker vert sendt ut i rett tid. Gi god og nyttig informasjon til innbyggarane om ulike tenester og legge til rette for digital sjølvbetjening der det er mogleg. Gi gode bibliotektenester og samhandle med innbyggarane gjennom Frivillegsentralen.

Kulturkontoret

Det vart betalt ut kulturstøtte til frivillige lag og organisasjonar innan musikk, idrett og museum/historielag. UKM vart avvikla på Valderøy barneskule. Kultur- og miljøplanen vart ferdig behandla og vedteken i 2022. Arbeidet med plan for Friluftlivets ferdselsårer vart starta opp. Denne skal etter planen ferdigstillast i 2023.
Søknadar og oppfølging av det som gjeld spelemidlar til idretten skjer også gjennom kulturkontoret. Desse blir sendt vidare til Møre og Romsdal fylke for avgjerd.
Det blei også lagt ut oversikt over tilgjengelege livssynsnøytrale seremonirom på Giske kommune si heimeside.

Næringskontoret

Det har blitt gitt rettleiing til personar som vil starte ny næring og gründerar gjennom Hoppid. I tillegg er det tilbod om kursing for nyetablerarar gjennom Entreprenerdy. Det er også gitt støtte etter søknad frå Hoppidfondet. I starten av året vart det gitt koronastøtte til bedifter i samband med nedstenging og restriksjonar som gjekk ut over julebordsesongen.
Det er lagt ned mykje arbeid i samband med deltaking i utarbeiding av Utviklingsplan for næringsområdet på Gjøsund i samarbeid med PwC, som har vore prosjektleiar og næringslivet.

Frivilligsentralen

Den kulturelle spaserstokk har hatt fleire tilstellingar i 2022, mange i samarbeid med pensjonistlaga i kommunen. Har også vore med på eldredagen med bidrag. Sysselsetting med NAV på Frivilligsentralen har gått omtrent som normalt. Nokre har fått jobb, nokre har begynt på skule, og nokre er framleis med i prosjektet. Aktiv ferie vart arrangert som tidlegare år, før pandemien.

Klubb for PU har starta opp igjen etter koronaen.

  • Arbeid med stiar er vidareført.
  • Stor auke i hjelp til privatpersonar.
  • Tv aksjonen og bøsseaksjon for demens
  • Utdeling av matkasser til jul og påske i samarbeid med butikkar og privatpersonar. 46 familier fekk tilkøyrt desse. Fikk støtte fra MR fylke til dette i 2022
  • Frivilligsentralen møter stor velvilje i lokalsamfunnet og har fått inn mykje midlar utanfrå til ulike prosjekt.
  • Samarbeid med kriminalomsorgen om soning

Frivilligsentralen er til stor hjelp i utføring av ulike kommunale oppgåver som køyring og bringing, og hjelper både på skular, eldresenter, dagsenter, teknisk og NAV. Det siste har utgjort knapt halvparten av stillinga til medarbeidar på frivilligsentralen.

«Aktiv ferie» vart gjennomført med følgjande aktivitetar i og utanfor Giske kommune: Valldal klatrepark med middag og Atlanterhavsparken med mat og drikke.
Frivilligsentralen brukte mesteparten av pengane i 2022 på lokale tilbud, og fekk gjennom dette støtte lag og organisasjonar i kommunen med ca kr. 200.000.

Gjennom det kommunale sysselsetjingsprosjektet får ungdommar som står utanfor arbeidslivet god og variert erfaring med praktisk arbeid. Verdien av dette kan ikkje overdrivast.

Frivilligsentralen har ein unik posisjon i kommunen, og dei får gåvemidlar og anna støtte frå mange ulike kjelder. Sentralen gir eit lavterskeltilbod som blir set stor pris på.

Det ser ut som at einingane brukar frivilligsentralen meir enn før. Dette skjer sjølvsagt då dei ser at ein kan få meir ut av kvar krone ved eit samarbeid med frivillige. Men det er viktig at ein pleier forholdet til dei frivillige. Dei må ha føreseielege vilkår som passar inn med det andre dei er engasjert i. Og dei må bli sett og følt seg verdsett. Dette bør alle som er mottakar av eller samarbeider med frivillige, bite seg merke i.

Samarbeid også med Vigra pensjonistlag og grunneigarar om stien langs Blindheimsfjellet. Der har det hittil kome inn ca. 750.000 kroner i sponsormidlar og det er kome halvvegs på prosjektet. Arbeidet med del 2 av stien er starta, og det blir framleis søkt om tilskot frå både næringsliv og det offentlege.

Biblioteket

  • Aktive lånarar: 522
  • Institusjonslånarar: 142
  • Besøk: 7 291
  • Utlån: 14 317

Det var ein liten auke frå 2021 både i tal på lånarar og tal på utlån i 2022. Biblioteket var ope tre dagar i veka gjennom året. Besøk av barnehagar og skular var nesten ikkje-eksisterande og det var heller ikkje særleg aktivitet ut av huset. Første høve til å samanlikne normalår vil bli når statistikken for 2023 ligg føre og kan samanliknast mot førre normalår som var 2019.

Tabell styringskort og styringsindikator

Tabell styringskort og styringsindikator

Fokusområde Mål Måleindikator Resultatmål 2022 Resultat 2022
Innbyggarar Kvalitet tilpassa dei økonomiske rammevilkåra Plassering i forbrukerrådet sine testar av kommunal service 100 eller betre av kommunane i landet. 10 eller bedre av kommunane i Møre og Romsdal Ikke publisert
Forenkling og effektivisering gjennom digitalisering Videreutvikle digitale verktøy for innbyggjarane Flere digitale skjema for innbyggarane
Velfungerande informasjons- og kommunikasjonskanal Relevant informasjon er lett tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette døgnet rundt. System med digitale søknader mm fungerer godt Videreutvikle og arbeide meir strategisk med informasjon til innbyggarane Pågåande arbeid
Medarbeidarar Auke intern beredskapskompetanse Gjennomførte øvingar Øving på utvalde hendingar Hatt øving med statsforvaltaren - hacking
Velfungerande kvalitets- og internkontrollsystem Gode tilbakemeldingar frå tilsette og innbyggjarar. Regelmessig rullering, og få avvik på tenestene som blir gitt Jobbe vidare med rutine og prosedyrer for dei mest risikobelasta områda Auka tal på innmeldte avvik indikerer auka bruk. Gjennomført gjennomgang med leiinga.
Godt arbeidsmiljø og tilfredse medarbeidarar Nærvær 98 %
Enkel og effektiv support og drift ved hjelp av digitale verkty Gjennomført opplæring på nye digitale verkty Ta i bruk support via Teams Aktiv bruk av Teams i opplæring
Fellesfunksjonar har rett kompetanse og eit godt fag- og arbeidsmiljø God trivsel og gode tilbakemeldingar frå adm. Leiing og einingane Plan for kompetanseheving er ferdig Ikke igangsatt
Økonomi Lav andel av administrative ressurser. God økonomistyring Alle ledere har kompetanse og forståelse for økonomi og økonomistyring Kurs og opplæring er gjennomført
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 administrasjon per innbygger ≥ kr 3 500 per innbygger
Kostra Netto driftsutgifter på funksjon 120 som andel av totale utgifter 6 %
Avvik i % av netto driftsramme ≤ 0 0