Kvalitet, internkontroll og beredskap
Kommunelovas § 25-1 set krav til kommunedirektøren si oppfølging av internkontrollen. Fokus på kvalitet, internkontroll og beredskap er styrka dei siste åra. Stillinga til seniorrådgivar kvalitet og beredskap har 1 årsverk.
Hovudoppgåver innafor kvalitet og internkontroll har i 2022 vore:
- oppbygging av kommunen sitt heilskaplege kvalitetssystem; Compilo:
- utprøving av ny modul; Årshjul
- ny modul: Offentleg innsyn
- opplæring og implementering av Compilo:
- auke generell bruk av Compilo. Har auka frå ca 1100 påloggingar i 2020, til ca 10100 i 2021 og 12300 i 2022.
- auke melding av avvik: Har auka frå ca 700 i 2021 til ca 1000 i 2022
- auke bruken av dokumentmodulen. Har auka frå ca 2700 leste dokument i 2020, til ca 16000 i 2021 og 17100 i 2022.
- opplæring i dokumentmodulen, lage dokument og revidere dokument
- støtte einingsleiarar ved utarbeiding av ROS-analyser
- lage brukarrettleiingar og opplæringsvideoar om Compilo
- planlegging, gjennomføring og etterarbeid etter leiinga sin gjennomgang
- samarbeid med personvernombod i IKA Møre og Romsdal:
- handtering av personvernavvik
- innsynskrav
- opplæring av tilsette i personvern med nanolæring med Junglemap
- revisjon av "Mål og strategi for arbeid med internkontroll og kvalitet i Giske kommune 2021-2024" i kommunestyret
- lean "Pleie og omsorg - I takt med framtida"
- lean-arbeid med legemiddelhandtering
- avslutning av Kompetanseløft med Digi Møre og Romsdal
- rettleiing og støtte til einingsleiarar ved ulike tilsyn med Giske kommune frå Statsforvaltar og Arbeidstilsynet
Hovudoppgåvene innafor beredskap har i 2022 vore:
- handtering av covid-19
- handtering av flyktningsituasjoenen som følgje av krigen i Ukraina
- fire andre kortvarige krisehandteringar
- samarbeid med omkringliggande kommuner, statsforvaltar, politi m.fl.
- rapportering til Statsforvaltar
- revisjon av beredskapsplan
- oppfølging av tilsyn frå Statsforvaltar på kommunal beredskapsplikt
Giske kommune er ein lærande organisasjon der vi saman jobbar med å utvikle kapasitet til å levere tenestene våre i tråd med verdiane våre; respekt, løysingsvilje, engasjement og kvalitet.