Fysio-ergoterapiteneste, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, hjelpemiddellager
- Kvardagsrehabilitering: 96 brukarar
- Ergoterapi: 70 brukarar
- Fysio: 150 brukarar
- Kommunal hjelpemiddelformidling: 231
- Hjelpemiddel frå NAV: 2591
Kvardagsrehabiliteringsteamet har gjennomført førebyggjande tiltak som balansegruppe til om lag 55 personar mellom 75-95 år. Teamet har også eit tett samarbeid med omsorgstenesta for å auke fokus på hjelp til sjølvhjelp i utøving av tenestene. Eininga har midlertidig ei 50% stilling som koordinator for velferdsteknologi. Satsinga er viktig for å sikre at investeringar og utvikling innan velferdsteknologi held fram. Koordinator arbeider tett ilag med omsorgstenestene for å styrke kompetansen i bruk av velferdsteknologi, samt sikre at dei er trygge i bruk, både teknisk og i høve personvern. Giske kommune har to fysioterapeutar med driftstilskot.
Kostratal fysioterapi 2022
Nøkkeltall | Enhet | Giske | Kostragruppe 01 | Landet utan Oslo |
---|---|---|---|---|
Avtalte fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggere | Årsverk | 6,3 | 9,7 | 9,6 |