Barnehage og styrka tilbod (førskuletilbod)

Barn i barnehage 2012-2022

Oversiktsrapport Kommunale barnehagar Konserneigde barnehagar Foreldreeigde barnehagar Livssyns-barnehagar Sum Giske kommune
Antal barnehagar 2 2 2 2 8
Antal barn totalt (0-6) år 110 218 94 139 563
Antal barn 0-2 år 56 95 36 44 231
Antal barn 3-5 år 54 123 58 97 332
Antal ansatte totalt 31,4 58,84 26,8 35,63 152,71
Antal styrarar og pedagogiske leiarar 13 26 12 16 67
Andel styrarar og pedagogiske leiarar med midlertidig dispensasjon 7,67 31,54 12,5 15,63 20,45
Andel styrarar og pedagogiske leiarar med varig dispensasjon 0 % 0 % 0 % 0 % 0 %
Andel styrarar med godkjend utdanning 100 % 100 % 100 % 100 % 100 %
Andel pedagogiske leiarar med godkjend utdanning 90,91% 67,2% 81,48% 84,62% 79,55 %
Tal frå BASIL rapportportal per 15.12.2022.

Teneste 2110 Barnehage

Giske har 6 private og 2 kommunale barnehagar. 99,5 % av barna i barnehage har full plass.

Talet på barnehagebarn er auka frå 555 i 2021, til 563 i 2022. Talet på barn har auka i private barnehagar og minska i dei kommunale. Det er har blitt plass til fleire småbarn i barnehagane. Private barnehagar har 121,2 årsverk og dei to kommunale barnehagane har 31,4 årsverk.

Til saman utgjorde tilsette i barnehagane i Giske kommune 152,71 årsverk.

Det har totalt sett vore ein jamn nedgang i talet på dispensasjonar frå utdanningskravet, men rekruttering av barnehagelærarar er framleis svært utfordrande i og med at ein av 5 pedagogar manglar godkjend utdanning. Ved oppstart av nytt barnehageår i august 2022 arbeidde 20 % av pedagogane på dispensasjon i barnehagane. Giske kommune har rettleiingsgrupper for pedagogar på dispensasjon og tek del i kurs i regi av Sunnmøre regionråd. Giske kommune fekk ikkje til å tilby rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar i 2022. Frå 2025 skal 50% av dei tilsette i barnehagane vere barnehagelærarar, noko som fordrar auka bemanning og gode strategiar for rekruttering.

Utviklingsarbeidet i barnehagane har vore konsentrert om inkluderende praksis, basert på Mitchell sine 10 faktorar. Det er oppretta inkluderingsteam i alle barnehagar. Spespedteam og helsestasjon har bidratt med tverrfagleg blikk inn i analysearbeidet i inkluderingsteama. PPT har ikkje hatt disponibelt personell til å ta del i inkluderingsarbeidet i barnehagane.

Alle barnehagar har fått tilbod om å vere med på regional kompetanseutvikling. To av barnehagane har teke del i dette arbeidet. Det blir peika på at låg grunnbemanning kombinert med høgt sjukefråvær gjer det vanskeleg å frigjere personell til til utviklingsarbeid og kompetanseheving.

Teneste 2111 Styrka tilbod til førskulebarn

Styrka tilbod til førskulebarn omfattar både spesialpedagogiske tiltak og tilrettelegging for barn med særlege behov. Spesialpedagogane i førskule er tilsett i kommunen, med 5,1 årsverk i 2022. Av dette går 0,3 årsverk til arbeid med minoritetsspråklege barn, finansiert av øyremerka tilskot. Det er avsett 0,4 årsverk til teamleiar, som har ansvaret for å fordele arbeidsoppgåvene for spesialpedagogane og følgje opp arbeidet med tilbodet i barnehagane. Spesialpedagogane bidrar i utviklingsarbeid som BU modellen, TALK (nettverk for barn med autisme) og nettverk for barn med forseinka utvikling. Det er fagleg vurdert som tenleg å knytte spesialpedagogane tettare opp mot barnehagane for at deira kompetanse kan bidra inn i å forbetre kvaliteten i det allmennpedagogiske, utvikle betre samanheng mellom det spesialpedagogiske og det allmennpedagogiske og slik styrke den inkluderande praksisen.

I vedtak om spesialpedagogisk hjelp blir det, etter sakkunnig vurdering, sett inn spesialpedagog. I tråd med enkeltvedtak og vedtak om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne styrker barnehagen si bemanning. Dei private barnehagane får refusjon frå kommunen når dei etter vedtak tilsett ressursassistent.


Kostra barnehage

Kostra barnehage

Nøkkeltall 2022 Eining Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Andel barn 1-2 år i barnehage, i forhold til innbyggarar 1-2 år prosent 87,7 88,0 98,2 87,9 87,8
Andel barn 1-5 år i barnehage, i forhold til innbyggarar 1-5 år prosent 94,2 94,3 99,2 93,1 93,6
Andel barn 3-5 år i barnehage, i forhold til innbyggarar 3-5 år prosent 98,3 98,5 99,7 96,4 97,3
Andel barn i kommunale barnehagar i forhold til alle barn i barnehage prosent 19,5 31,2 43,8 55,9 49,7
Antall barn korrigert per årsverk til grunnbemanning, alle barnehagar antall 6 5,8 5,9 5,7 5,7
Andel barnehagelærarar i forhold til grunnbemanning prosent 34,2 40,1 39,8 44,0 42,1
Andel barn i kommunale barnehagar som får spesialpedagogisk hjelp prosent 5,5 6,1 6,5 3,7 4,1
Korrigerte brutto driftsutgifter til barnehagar (f201, f211, f221) per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehagar kr 103,0 90,1 82,6 85,4 89,0
Andel minoritetsspråklige barn i barnehage i forhold til innvandrerbarn 1-5 år prosent 92,6 83,6 87,4 82,1 84,5
Netto driftsutgifter barnehagar i prosent av kommunens totale netto driftsutgifter prosent 16,9 14,6 17,3 13,1 13,7
Netto driftsutgifter barnehagar, per innbyggar 1-5 år kr 163 713 179 222 187 047 183 871 187 559
Korrigerte brutto driftsutgifter f201 per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehagar kr 73,4 66,9 65,1 69,1 69,7