Barnevernstenesta
Barnevernet har i 2022 hatt ei satsing på auka internkontroll etter avvik på området etter tilsyn frå Statsforvalteren i 2021. Tenesta har gjennomgått alle stega i saksbehandlingskrava og utarbeidd rutinar for å hindre avvik. Tenesta hadde ingen fristbrot i saksbehandlinga i 2022. Tenesta har fått fleire nye oppgåver som fylgje av barnevernsreforma og har m.a. arbeidd mykje med oppfylging av fosterfamiliar, noko som tidlegare låg til Bufetat. Giske kommune har i samarbeid med andre kommunar utarbeidd eit felles fagleg tilbod til målgruppa.
Kostra, barnevern 2022
Nøkkeltall | Eining | Giske | Kostragruppe | Landet utan Oslo |
---|---|---|---|---|
Netto driftsutgifer til barneverntenesta per innbyggjar | kr | 1 695 | 2 559 | 2 700 |
Barn med melding i barnevernet ift talet på innbyggjarar | Prosent | 2,8 | 3,9 | 3,9 |
Brutto driftsutgifter pr. barn med undersøking eller tiltak | kr | 76 545 | 84 027 | 75 312 |
Netto driftsutgifter pr. barn som er plassert av barnevernet | kr | 306 357 | 432 360 | 481 985 |