Organisasjon

TILSETTE

I alt 623 personar var tilsett i Giske kommune ved utgangen av 2022. Av desse er 510 kvinner og 113 menn. Dei 623 tilsette er fordelt på 528 årsverk.

Tilsette fordelt på sektor og kjønn

Tilsette fordelt på sektor og kjønn

2020 2021 2022
Kvinner Menn Totalt Kvinner Menn Totalt Kvinner Menn Totalt
Totalt 508 119 627 523 111 634 510 113 623
Sentraladministrasjon 17 4 21 19 3 22 20 3 23
Oppvekst 220 50 270 211 43 253 219 44 263
Helse/sosial 251 37 288 272 37 309 262 44 306
Kultur 3 3 6 2 3 5 2 3 5
Teknisk 10 20 30 8 19 27 7 19 26
Anna 7 5 12 11 6 18

Lærlingar

Giske kommune hadde også i 2022 eit godt samarbeid med Sunnmøre kommunale opplæringskontor. Vi hadde 6 lærlingar fordelt på faga helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar og institusjonskokk. Det var er eit ønskje å auke talet på lærlingar, men på grunn av svært stram økonomi er det ikkje gjort.

Sjukefråvær

Giske kommune får kvart år fråværsopplysningar frå Statistisk sentralbyrå. Her får vi ikkje informasjon om fråværet for heile året, men legemeldt fråvær for siste kvartal 2021 var 7,4 % , mot 6,5 i fjor.

Sjukefråværet for 4. kvartal (2022: 3. kvartal) fordelt på sektor - Giske kommune (Kjelde: SSB)

Sjukefråværet for 4. kvartal (2022: 3. kvartal) fordelt på sektor - Giske kommune (Kjelde: SSB)

Næring 2018 2019 2020 2021 2022/3
Alle næringer 7,0 6,5 6,5 7,3 6,6
Offentlig administrasjon mv. 6,6 5,7 6,6 3,3 8,1
Off. adm., undervisning, helsetj. samt pleie og omsorg 6,7 6,7 6,2 7,1 6,6
Undervisning 6,4 8,0 3,9 7,1 6,5
Grunnskoleundervisning 6,9 8,3 4,0 7,1 6,2
Helsetjenester 6,1 3,0 6,1 8,1 7,1
Pleie og omsorgstjenester i institusjon 3,9 5,0 3,0 6,8 5,9
Andre omsorgsinstitusjoner samt bofellesskap 7,7 7,9 8,7 7,9 7,5
Sosiale omsorgstj. uten botilbud, ekskl. barnehager 4,4 4,8 9,1 10,3 2,7
Barnehager 8,6 7,1 5,4 3,7 4,3
Barnevernstjenester 1,4 2,5 7,9 13,3 4,7
Kommunale sosialkontortjenester 18,9
Tal for sjukmelde i 4. kvartal 2022 var ikkje tilgjengeleg i SSB-statistikken då tabellen vart lagt inn i årsmeldinga. Tala for 2022 er difor henta frå 3. kvartal.

Heiltid

Mest mogleg heile stillingar er viktig for kontinuitet, stabilitet og samla kompetanse. Det betyr mykje for arbeidsmiljø, likestilling og kvaliteten på tenestetilbodet.

Talet på heiltidstilssette har auke siste åra, og det er bra!. I 2022 arbeidde 52 % av alle tilsette i Giske kommune heiltid. I helse/pleie/omsorg var det 33 % som arbeidde heiltid, ein auke frå 30 % i 2021. I undervisning var andelen 67 % mot 62 % i 2021. I barnehage var 52 % heiltidstilsette, mot 48 % i i 2021.

75 % av alle tilsette jobber 75 % eller meir. I fjor var andelen 72 %.

Gjennomsnittleg stillingsbrøk i Giske kommune var 82 % mot 80 % i 2022 og 79% i 2021.

Likestilling

Kjønnsbalansen i Giske kommune er 82% kvinner og 18 % menn. Fordeling mellom kvinner og menn i oppvekst er 83 % kvinner og 17 % menn, i helse/pleie /omsorg er fordelinga 88 % kvinner og 12 % menn. Lønsutvikling kvinner og menn kjem fram av tabellen under.

Av 21 leiarar i kommunedirektøren sitt leiarforum var 3 menn og 18 kvinner. Kvinnene si snittløn var kr 860 040,- og mennene si snittløn var kr 812 124. Kommunedirektør og 3 kommunalsjefar er ikkje med her.

Omsyn til likestillingslovgivinga sine krav er nedfelt i arbeidsgivarpolitiske dokument som lønspolitisk plan, prosedyre for rekruttering, handtering av mobbing og trakassering o.l. og tydeleg belyst i all leiaropplæring. Vi oppfordrar det underrepresenterte kjønn til å søkje ledige stillingar, - Giske kommune er som alle andre kommuner sterkt kvinnedominert. Tilrettelegging for seniorar og tilsette med funksjonsnedsettelse er tema i medarbeidar- og oppfølgingssamtaler. I helse og omsorgstenesta er uønska deltid kartlagt, og resultatet har vore eit nyttig utgangspunkt i arbeidet med å redusere uønska deltid.

Lønsutvikling kvinner og menn 2018 - 2022

Lønsutvikling kvinner og menn 2018 - 2022

Årsløn 2018 Årsløn 2019 Årsløn 2020 Årsløn 2021 Årsløn 2022
Kvinner 472 740 491 940 529 008 552 216 572 304
Menn 486 660 503 892 525 024 552 300 575 688

Heiltid og deltid i Giske kommune (oppgitt i %) - fordelt på sektor 2020 og 2021

Heiltid og deltid i Giske kommune (oppgitt i %) - fordelt på sektor 2020 og 2021

2020 2021 2022
Alle Deltid 56 52 48
Heiltid 44 48 52
Administrasjon Deltid 57 55 49
Heiltid 43 45 51
Undervisning Deltid 46 38 33
Heiltid 54 62 67
Barnehagar Deltid 56 52 47
Heiltid 44 48 53
Helse/pleie/omsorg Deltid 73 70 67
Heiltid 27 30 33
Samferdsel og teknikk Deltid 50 20 19
Heiltid 50 80 81
2020 2021 2022
Stillingsstorleik per tilsett Kjønn Tal på tilsette Prosent Tal på tilsette Prosent Tal på tilsette Prosent
0 - 24,9% Kvinner og menn 42 6,7 46 7,3 44 6,8
Kvinner 35 6,9 36 6,9 35 6,7
Menn 7 5,9 10 9,0 9 7,4
25 - 49,9% Kvinner og menn 47 7,5 39 6,2 36 5,6
Kvinner 39 7,7 30 5,7 29 5,6
Menn 8 6,7 9 8,1 7 5,8
50 - 74,9% Kvinner og menn 101 16,1 96 15,1 81 12,6
Kvinner 84 16,5 90 17,2 70 13,4
Menn 17 14,3 6 5,4 11 9,1
75 - 99,9% Kvinner og menn 160 25,5 152 24,0 150 23,3
Kvinner 150 29,5 140 26,8 137 26,2
Menn 10 8,4 12 10,8 13 10,7
100% Kvinner og menn 277 44,2 301 47,5 332 51,6
Kvinner 200 39,4 227 43,4 251 48,1
Menn 77 64,7 74 66,7 81 66,9

Rekruttering

Giske kommune har som dei alle fleste kommuner store utfordringar når det gjeld å rekruttere helsepersonell, dette gjeld i særleg grad sjukepleiarar og vernepleiarar, men vi ser også ei aukande utfordring i å få rekruttert nok fagarbeidarar. Vi ser dessverre også at det er vanskeleg å få tilsett tilstrekkeleg kvalifiserte personar i ledige undervisningsstillingar, -vi har for mange ufaglærte i oppvekstsektoren. I teknisk sektor er heller ikkje søkjarlistene lange, men vi har kvalifiserte søkjarar.

Innan oppvekstsektoren er det ikkje innført ekstra rekrutteringstiltak i særleg gra. For pleie og omsorgstenestene er fleire rektrutteringstiltak sett i verk for å betre på situasjonen. Det er nytta stipendordning for sjukepleiarar og vernepleiarar, det er etablert dagstillingar innan sjukepleie, og det er gjort ein god jobb i å endre arbeidsfordelinga til sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar slik at sjukepleiarar får brukt kompetansen sin hovudsakleg til reine sjukepleiefaglege oppgåver. Det er vidare innført ordning med kjøkkenvert, og alle omsorgsdistrikt har, i samarbeid med NAV, personar på arbeidspraksis. Løn godt over tariff er også brukt som eit rekrutteringstiltak.