Skatt - rammetilskot - finans

Skatt og rammetilskott

Giske kommune fekk i 2022 kr 573 914 643 i skatt og rammetilskot gjennom inntektssystemet. Dette var kr 22 383 643 meir enn justert budsjett. Skatteinngangen for Giske kommune vart kr 12 317 204 høgre enn justert budsjett.

Gjennom rammetilskottet har Giske kommune motteke kr 9 622 000 i ekstra tilskott til å dekke utgifter knytt til korona.

Øvrige generelle statstilskot

Kommunen fekk i 2022 utbetalt kr 1 2 32 320 i rentekompensasjon frå skulepakke, kyrkjepakke og omsorgsbustader. Dette var kr 367 680 lågare enn justert budsjett, og kjem av den lave lånerenta.

Det vart utbetalt kr 4 103 523 frå Havbruksfondet. Det var budsjettert med kr 3 104 000.

Eigedomsskatt

Eigedomsskatt vart utskrive både på verk og bruk, bustad og fritidseigedommar. Ved fastsetjing av skatteverdien for bustadeigedommar vart formuesgrunnlag frå skatteetaten nytta, medan det vart leigd takstfolk for taksering av fritidseigedommar, verk og bruk samt bustadeigedommar der formuesgrunnlag ikkje var fastsatt av skatteetaten. Satsen for eigedomsskatt var 4 ‰, Inntektene frå eigedomsskatt vart 28 mill. kr, kr 500 000 mindre enn opprinneleg budsjett.