Sjølvkostområder - gebyrfinansierte tenester

5000 Byggesak

Byggesak - teneste 3020

Rekneskap 2022: Meirforbruk kr. 1 230 123

Kapasiteten på byggesak har vore - og er fortsatt kritisk. Byggesøknadsomfanget i kommunen er prega av mange dispensasjonssøknader og fleire tidkrevjande saker i tillegg, ras Valdervoll. Situasjonen vart teke opp med toppleiinga og politisk nivå. Personalsituasjonen var vanskeleg med permisjon, sjukmeldingar og oppseiing. Arbeidsmiljøet var utfordrande og påverka helsa til dei tilsette på teknisk. Det vart sett inn tiltak i form av einingsleiarstilling og løyving til ein byggesaksbehandlar til. Dermed vart det tilsett 3 nye byggesaksbehandlarar i august 2022. På grunn av manglande ressursar har ikkje kommunen utført lovpålagt tilsyn i det heile i 2022.

Gebyrinntektene (byggesakshandsaming) er på kr. 1 845 121 som utgjer 88% av budsjetterte inntekter.

Teneste 3021 -Veiledning: meirforbruk kr 552 844, skuldast feilbudsjettering som vi ikkje fekk retta opp i 2022.

Teneste 3025 - Eigarseksjonering: meirforbruk kr 32 457

Totalt meirforbruk på 5000 Byggesak: kr 1 815 424

5310 Feiing og tilsyn

Regnskap 2022 : Avsetning til fond kr. 140 046

Fond pr. 31.12.22 er på kr. 980 851

Feietenesta vert kjøpt frå Ålesund kommune, og det vert feia annakvart år. Feiing er ikkje gjennomført i 2022.

5410 Oppmålingsforretning

Regnskap 2021 : Avsetning til fond kr. 309 673

Fond pr. 31.12.21 er på kr. 1 431 120

Kommunen kjøper oppmålingstenester frå privat landmålarforetak. Pr. i dag utgjer kjøp av slike tenester halve oppmålingsgebyret. Øvrig halvdel av gebyrinntektene dekker kommunens eige arbeid med med mottak av krav til matrikkelføring, kontroll av måleprotokoll samt matrikkelføring/tinglysing.

Det er meirinngang i gebyrinntekter på 209 078 i høve til budsjett.

Det er pr i dag ingen restansar.

6200 Vassforsyning

Regnskap 2022: Bruk av fond kr 1 451 287

Fond pr 31.12.22: kr 5 793 687

Tilstand i forsyningsnettet fører til om lag 40% lekkasje/svinn. Ein har difor auka utskiftingstakta og frnying av ledningsanlegga dei siste åra. Ein er i gang med å etablere målekummar for å betre omfang og lekkasjepunkt i ledningsstrekka. Vi har etablert 3 målekummar på Roald, der vi har hatt problem med framandvatn. Dette arbeidet viser resultat i form av at vi ikkje treng å kjøpe så mykje vatn frå Ålesund lenger.


Utført oppgradering på leidningsnettet 2020 2021 2022
Antal nye meter leidningsnett 2 100 m 3000 m 1350 m
Antal meter fornya 2 663 m 4334 m 2230 m
Antal lekkasjereparasjonar 15 hendingar 10 hendingar 5 hendingar

Vassmengde eigenproduksjon og kjøp

Vassmengde eigenproduksjon og kjøp

Vassmengde levert på nettet 2020 2021 2022
Vassmende frå Alnesvatnet 927 011 m3 969 237 m3 958 838 m3
Vassmengde levert frå Ålesund 128 100m3 87 431 m3 64 582 m3
Totalt forbruk inkludert lekkasje 1 055 111 m3 1 056 668 m3 1 023 420 m3

6300 Avløp og rensing

Regnskap 2022 : Bruk av fond kr. 441 261

Fond pr. 31.12.22 er på kr. 5 065 394

Utskifting avløpsrør: 329 m

Nye avløpsrør: 132 m

Hovudplan for VA vart ferdigstilt og vedteken i 2022. Planlegging av renseanlegg og plassering av dei var ein viktig del av dette arbeidet. Planlegging av vatn og avløpsløysing for næringsområdet på Gjøsundet har tatt mykje tid. Fleire pumpestasjonar på Roald har hatt problem med framandvatn og kartlegging av omfang og tiltak vert sett i gang i 2023.

6350 Slamtømming

Kommunen kjøper teneste hjå ÅRIM /Bingsa Gjenvinning AS. I tillegg er det tilsett ein person på tilsyn i 50% stilling, men som ar slutta og stillinga er førebels vakant.

Teneste 3540 Slamtømming: Avsett til fond kr 207 718. Fond pr 31.12.22 kr 654 893

Teneste 3022 Tilsyn: Avsett til fond kr 357 477. Fond pr 31.12.22 kr 636 313


6400 Renovasjon

Regnskap 2022: Meirforbruk på kr. 852 011 i høve budsjett. Dette resultatet saman med negativt resultat frå 2021 gir eit negativt fond pr 31.12.22 på kr 1 721 299.

I høve til budsjett har ein i 2022 hatt auke i kostnadane med kjøp av tenester frå ÅRIM på om lag kr. 300 000.
Kommunen har starta kartlegging av den gamle fyllplassen på Gjøsundet med tanke på at området kan bli seld/leigd ut. Dette arbeidet er tenkt avslutta i 2023.