7 Pleie og omsorg
Drift
7 PLEIE, OMSORG OG SOSIAL | Rekneskap | Buds(end) | Budsjett | Rekneskap | |
---|---|---|---|---|---|
Teneste | 2022 | 2022 | 2022 | 2022 | |
2330 | FOREBYGGANDE ARBEID, HELSE- OG SOSIAL | 1 330 | 1 428 | - | 3 288 |
2340 | AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA | 3 632 | 3 688 | 3 688 | 3 275 |
2343 | KJØKKEN (MAT TIL HEIMEBUANDE) | 1 170 | 1 605 | 1 605 | 1 036 |
2412 | PSYKISK HELSEVERN | 2 502 | 2 700 | 2 700 | 2 432 |
2430 | TILBOD TIL PERSONAR MED RUSPROBLEM | 1 817 | 1 581 | 1 581 | 1 571 |
2530 | PLEIE, OMSORG, HJELP I INSTITUSJON | 9 762 | 9 484 | 9 484 | 9 491 |
2531 | INSTITUSJONSKJØKKEN | 371 | 402 | 402 | 345 |
2540 | PLEIE, OMSORG, HJELP TIL HEIMEBUANDE | 55 765 | 50 209 | 47 329 | 50 823 |
2541 | BUFELLESSKAP PSYKIATRI VALDERØY | 13 919 | 12 122 | 10 772 | 10 101 |
2543 | AVLASTNING | 16 501 | 17 842 | 17 842 | 14 778 |
2544 | BRUKERSTYRT PERSONLEG ASSISTENT | 6 942 | 8 302 | 7 202 | 5 111 |
2545 | RESET BUFELLESSKAP - DRIFT | 11 411 | 9 825 | 9 825 | 9 671 |
2546 | GISKE OMSORGSSENTER | 30 590 | 26 563 | 26 563 | 27 390 |
2547 | Godøy Bukollektiv | 9 107 | 8 253 | 8 253 | 7 818 |
2548 | BUFELLESSKAP FUNKSJONSHEMMA | 34 881 | 28 199 | 27 449 | 29 059 |
2549 | KVARDAGSREHABILITERING OG VELFERDSTEKNOLOGI | 549 | 1 179 | 1 179 | 848 |
2650 | OMSORGSBUSTADAR | 4 | |||
Sum gruppeansvar: 7 PLEIE, OMSORG OG SOSIAL | 200 249 | 183 381 | 175 873 | 177 041 |
Tenestene innan ramme 7 vert ytt av Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt , Valderøy omsorgsdistrikt, eining Meistring og psykisk helse. I tillegg ligg eit ansvarsområde knytt til avdeling smittevern, utskrivingsklare brukarar og øyeblikkelig hjelp døgntilbod (ØHD).
Økonomi
Rekneskapet viser eit samla meirforbruk på kr 24,3 mill i ramme 7 ut frå opprinneleg budsjett, ut frå endra budsjett eit meirforbruk kr 16,8 mill. Ramme 7 fekk eit meirforbruk knytt til koronainnleige og avtale inngått med KS med kr 6,5 mill. Kostnaden var lagt til staten å dekke. Inndekkinga til kommunen kom så seint på året at ein ikkje rakk å gjere budsjettendring. Kommunen fekk inntekta, men den vart ikkje overført til ramme 7. Pensjonskostnader og -inntekter kom seint på året. Kostnadane vart lagt til rammeområda, medan inntektene vart lagt til ramme 3. Sjå meir informasjon under ramme 3.
Om ramme 7 hadde fått budsjettendring for koronautgifter og pensjon, ville resultatet sett heilt annleis ut.
Ramme 7 hadde driftstiltak på om lag kr 8 mill i 2022, Leanprosjekt pleie- og omsorgstenester i takt med framtida.
Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050 vart vedteken i Giske kommunestyre juni-22. Det vart lagt ned eit omfattande arbeid med god representasjon. Det vart gjennomført folkemøte, workshop og alle partar fekk høve til å medverke i arbeidet.
Følgjande startegiar vart vedteke:
- Heilskapleg bustadpolitikk for helse, meistring og trivsel
- Heilskapleg tenesteutvikling
- Samskapingskommunen Giske
Sjå strategien her: strategi-bu-og-tenestetilbod-helse-og-omsorg-2050.pdf (giske.kommune.no)
Kommunen har jobba intenst gjennom leanprosjektet Pleie og omsorgstenester i takt med framtida, for å operasjonalisere strategiane og iverksette tiltak som skulle få effekt allereie i 2022 og vidare i åra som kjem. Kommunen har arbeidd ut at dekningsgrad for heildøgn somatikk er 16,5%, ein nedgong frå 21%. Dette utgjer bruk av inntil 60 heildøgnsplassar ved omsorgssentra. Kommunen har utarbeidd tydelege tildelingskriterier, der ein no tildeler tenester etter behov og ikkje fordi kommunen har ledig kapasitet. Likeverdig behandling av innbyggjarane har stort fokus i dette. Tildelingskriterier er også utarbeidd for heimebaserte tenester, heildøgn psykiatri/rus og ambulant tenester. I leanprosjektet vert det arbeidd med områder som pasientflyt og samhandling, turnus og vaktinnleige, turnus, organisering, døgnrytme. Leanprosjektet skal arbeide med alle tre brukargruppene, andre i hovudsak eldre, psykiatri/rus og mennesker med nedsett funksjonsevne.
Einingane har arbeidd kontinuerleg med å justere drifta etter kvart det har kome til ikkje budsjetterte utgifter. Likevel dekkjer ikkje tiltaka dei auka utgiftene. Kommunestyret vart gjennom heile 2022 informert om dei økonomiske utfordringane som låg i ramme 7. Nye ressurskrevjande brukarar som er kome til ila året som ikkje er budsjettert for, er og vil framover bli ein stor økonomisk risiko for kommunen. Høgt sjukefråvær i enkelte avdelingar har ført til auka bruk av overtid. Overbelegg og kompliserte brukarsituasjonar har ført til auka behov for ekstra personell ut over normal bemanning. I tillegg har vi i enkelte tenester utfordring med å rekruttere kompetanse og generelt personell.
Giske kommune gjennomførte ei økonomisk kartlegging av pleie og omsorgstenestene i januar 2022, utført av Agenda kaupang. Dette gav grunnlagsinformasjon til Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050. Rekneskap 2021 vart lagt til grunn. Kartlegginga har gitt kommunen god dokumentasjon som vi må nytte vidare i arbeidet for å møte framtida sine utfordringar på best mogleg måte. Om vi fortset å yte pleie og omsorgstenestene som i dag er det venta ein vekst i behov for pleie og omsorgstenester dei neste 30 åra med om lag 150%.
Dei frie inntektene til Giske kommune er lavare enn landsgjennomsnittet, det betyr at kommunen må bruke mindre ressursar enn andre kommunar. Giske kommune har ein lavare andel innbyggjarar under 67 år og over 80 år. Behovsnøkkelen innan pleie og omsorg er lav. Behovsnøkkelen for psykisk utviklingshemma er lav, dette omhandlar innbyggjarar over 16 år med diagnosen psykisk utviklingshemma som mottar helse- og omsorgstenester. Giske kommune har netto driftsutgifter innan pleie og omsorg som ikkje samsvarer med dei frie inntektene kommunen får. KOSTRA-nøkkeltal 2021, viser at Giske kommune har lavare netto kostnader enn andre kommunar i KOSTRA-gruppe 1 og lavare enn snittet i Noreg. Grunna at vi er ei lavinntekstkommune, må kostnadane til kommunen vere lave.
Giske kommune har ei høg bustadgjering av tenestene og lav ressursbruk inn i dei tidlege trinn i omsorgstrappa. Giske kommune har lav andel sjukeheimsplassar med forholdsvis lav kostnad. Kommunen si samla utgift til eldre er lav. Dekningsgrad innan tilbod om bustad med moglegheit for døgnteneste er høgre enn samanliknbare kommunar. Kostnadane er høgare enn samanliknbare kommunar. Giske kommune har høge driftsutgifter til barn og unge med utviklingshemming. Hovudvekta av utgiftene vert nytta i barnebustad. Vi har få plassar og lav bemanning i avlastning institusjon barn og unge under 18 år. Bruttoutgiftene oppleves å vere høge og hovudvekta vert nytta på tenester i bustad.
I underkant av 60% av utgiftene til pleie og omsorg vert brukt på brukargruppa andre i hovudsak eldre. 35% av utgiftene til denne målgruppa går til ulike bustadtilbod med moglegheit for døgntenester. I 2021 gjekk rundt 34% av utgiftene innan pleie og omsorg til mennesker med psykisk utviklingshemming. Hovudvekta vart nytta til vaksne. I underkant av 6% av dei totale utgiftene innan pleie og omsorg vart nytta til mennesker med psykiske helseplager og rusrelatert sjukdom.
Giske kommunestyre har vedteke driftstiltak på kr 22 mill for ramme 7 i 2023. For at Giske kommune skal klare å levere lovpålagte tenester i tida framover, vert framhald i leanprosjektet Pleie og omsorgstenester i takt med framtida, som starta opp i 2022, svært viktig.
Mål og resultat
Utfordringar/mål | Kva er gjort | Resultat/effekt 2021 |
---|---|---|
Utvikle dagtilboda både ved Giske omsorgssenter, Vigra omsorgssenter og Kingelveven | Utvikling av dagtilboda vert kontinuerleg arbeidd med. | Kontinuerleg arbeid |
Sikre framtidig bu- og tenestetilbod til barn og unge med særlege utfordringar | Det vert kontinuerleg arbeidd med å yte lovpålagde tenester. Prosjekt BTS, Betre tverrfagleg samhandlig. | Kontinuerleg arbeid |
Imøtekome vekst tal brukarar innan psykisk helse og rustenesta. Auke kompetanse og bruk av velferdsteknologi | Strategi bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050. Leanprosjekt Pleie og omsorgstenester i takt med framtida. Det vert arbeidd med igongsetting av tiltak for å dreie tenestene mot meir ambulant tenester og brukar skal i større grad bu heime og få tenester der. Dekningsgrad heildøgn 5 plassar. Oppretting av ambulant teneste. Ny driftsform Løkevegen bufellesskap 27.mars-23. | Arbeid leanprosjekt Pleie og omsorgstenester i takt med framtida pågår. |
I møtekome veksten innan omsorg, tal brukarar og tal tenester innan tildelt budsjett | Giske kommue følgjer vedteken plan, Strategi Bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050. Leanprosjekt: Pleie og omsorgstenester i takt med framtida. Dekningsgrad heildøgn somatikk 16,5 %, inntil 60 heildøgnsplassar. Bygge opp heimebasert teneste til å handtere fleire brukarsaker i eigen heim. Tildelingskriterier heildøgn og heimebasert/ambulant teneste. Samle korttidsbehanding på ei avdeling. Reindyrke langtid og korttid. Korttid demens på Vigra. | Målet er delvis nådd. Under arbeid. Kontinuerleg arbeid. Mål om dekningsgrad 16,5 % er nådd. |
Sjukefråvær 7 % | Det er arbeidd kontinuerleg med oppfølging av den sjukmelde. Iverksett nærverkstiltak. Omstillingsarbeid oppleves krevande for tilsette og leiarar, dette påverker også nærværet. Samla fråvær i einingane: 10,2%. | 10,2 %. Målet er ikkje nådd |
Gjennomføre kompetansehevingsprosjekt: ABC demens og PRO-Act. Elles auke kompetanse på dei områda som treng særleg fokus. | Tilsette er i gong med kurspakke innan ABC-demens. Auke kompetanse i høve vald, truslar og utfordrande adferd. Vergekurs. | Målet er nådd. Kontinuerleg arbeid. |
Vi klarer å rekruttere nødvendig kompetanse som sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Vi klarer å rekruttere gode leiarar. | Store vanskar med å rekruttere sjukepleiarar i ledige stillingar innan alle tenester i pleie og omsorg, særleg utfordrande å rekruttere sjukepleiarar til Vigra omsorgssenter og Godøy omsorgssenter. | Eit kontinuerleg arbeid. Målet er ikkje nådd ved alle avdelingane. |
Redusere ufrivilleg deltid. Heiltidskultur | Auke i stilling til fleire som har redusert stilling. | Målet er delvis nådd. Dette er eit kontinuerleg arbeid. |
Ta i bruk dei velferdsteknologiske verktya fullt ut. Gi tilsette nødvendig kompetanse innan området. | Prosjekt velferdsteknologi og prosjekt MiSu. Styringsgruppa har 4-5 møter i året. Leiarane er tett på arbeidet. Etablert ressursperson velferdsteknologi i alle einingar/avdelingar. Koordinator for velferdsteknologi 50 %, velferdsteknikar 100%. Elektrisk dørlåsar, smarte dører for demente har stor effekt i tenestene. Det er sett ned ei delprosjektgruppe som skal jobbe med velferdsteknologi til barn og unge med særlege behov. | Dette er eit kontinuerleg arbeid. |
Kostnad for inneliggande pasientar i Helseføretaket skal ikkje overstige budsjett | Budsjett 460 000. Rekneskap kr 270 000. Mindreforbruk kr 190 000 | Målet er nådd. |
God økonomistyring | Rekneskapet syner eit meirforbruk kr 16,8 mill, korrigert for ikkje overført inntekter korona kr 10,3 mill. Pensjonsinntektene, som kom seint på året, vart ført på ramme 3. Desse ville redusert meirforbruket ytlegare. | Målet er ikkje nådd |
Tal brukarar innan helse og omsorg 2010 -2022
2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Brukarar med tenester | 448 | 462 | 448 | 466 | 500 | 510 | 531 | 734 | 878 | 946 | 951 | 929 | 1024 |
Tal tenester | 1560 | 1690 | 1760 | 1923 | 2185 | 2185 | 2506 | 2820 | 3199 | 3626 | 3675 | 3716 | 4212 |
E-meldingar | 0 | 0 | 0 | 2283 | 9201 | 13 097 | 14 186 | 14 374 | 14 374 | 16 605 | 18 346 | 21 535 | 21 185 |
Tal brukarar på tenesteområde
Tenesteområder | Tal brukarar 2019 | 2020 | 2021 | 2022 |
---|---|---|---|---|
Storkjøkkenet | 182 | 192 | 178 | 184 |
Heimesjukepleie | 307 | 321 | 300 | 299 |
Brukarstyrt personleg ass. (BPA) | 8 | 9 | 10 | 11 |
Aktivisering av eldre og funksjonshemma, dagtilbod | 70 | 59 | 51 | 61 |
Praktisk bistand | 211 | 215 | 187 | 188 |
Bukollektiv korttid/langtid | 98 | 134 | 105 | 109 |
Rehabilitering | 44 | 35 | 36 | 35 |
Psykisk helse og rusteneste | 259 | 263 | 230 | 291 |
Kingelveven | 13 | 13 | 13 | |
Løkevegen bufellesskap | 13 | 13 | 12 | 14 |
Avlastning barn | 13 | 15 | 12 | 19 |
Støttekontakt | 63 | 60 | 58 | 59 |
Bufellesskap for funksjonshemma | 14 | 15 | 15 | 15 |
Institusjon | 11 | 13 | 11 | 11 |
Avlastning eldre | 5 | 4 | 1 | 7 |
Psykisk helse barn/unge | 103 | 73 | 59 | 95 |
Tal brukarar og gjennomsnittleg timetal denne dagen
Teneste | 25.10.2021 | 31.12.2021 | 14.10.2022 | 31.12.2022 |
---|---|---|---|---|
Brukarstyrt personleg assistanse brukarar | 10 | 10 | 11 | 8 |
Timetal per veke | 359 timar | 359 timar | 361 timar | 279 timar |
Praktisk bistand/opplæring brukar | 117 | 122 | 112 | 104 |
Prakisk bistand/opplæring timetal per veke | 2 378 timar | 2 716 timar | 2 308 timar | 2 267 timar |
Heimesjulepleie brukarar | 150 | 200 | 219 | 214 |
Heimesjukepleie timetal per veke | 2 114 timar | 2 202 timar | 2 113 timar | 1 822 timar |
Bærekraftsmål
Berekraftsmål 3: God helse og livskvalitet. Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uavhengig av alder. Hindre smittsommer sjukdommar, korona, har vore arbeidd mykje med også i 2022. Giske kommune har god dekking av allmenne helsetenester. Kommunen samarbeider med Statsforvaltar, Helseføretaket, politiet og kommunane rundt for å møte utfordringar på best måte.
Bærekraftsmål 17: Samarbeid for å nå måla. Det er eit tett samarbeid mellom helse- og omsorgstenestene, NAV, oppvekst, og andre aktuelle tenester, Helseføretaket og andre kommunar. Samarbeidsprosjekt som TALK og Betre tverrfagleg innsats (BTS). Giske kommune har eit godt samarbeid med legesenteret for å yte best mogleg samanhengane tenester.
Kostra, omsorg 2022
Nøkkeltal | Enhet | Giske | Kostragruppe 1 | Landet utan Oslo |
---|---|---|---|---|
Utgifter kommunale helse- og omsorgstenester pr.innbyggjar | kr | 33 521 | 35 762 | 34 500 |
Årsverk helse og omsorg per 10 000 innbyggjar | Årsverk | 270,2 | 341,1 | 322,0 |
Netto driftsutgifter til omsorgstenester i % av kommunen sin samla netto driftsutgifter | % | 36,9 | 35,9 | 34,6 |
Andel brukarretta årsverk i omsorgstenesta med helseutdanning | % | 79,7 | 79,2 | 78,0 |
Årsverk per brukar av omsorgstenester | Årsverk | 0,82 | 0,51 | 0,58 |
Andel innbyggjarar 80 år og over som brukar heimetenester | % | 31,1 | 30,8 | 27,9 |
Andel brukarar av heimetenester 0-66 år | % | 33,0 | 50,5 | 49,0 |
Andel innbyggjarar 80 år og over som bur ved institusjon | % | 1,6 | 9,3 | 10,4 |
Andel brukartilpassa einerom med eige bad/wc | % | 100 | 94,9 | 93,6 |
Utgifter per opphaldsdøgn i institusjon | kr | 4 353 | 4 421 | 4 752 |
Andel innbyggjarar 67-79 år med dagaktivitetstilbod | % | 1,38 | 0,87 | 0,70 |