• Forside
  • Kommunedirektøren har ordet

Kommunedirektøren har ordet

BUDD FOR FRAMTIDA
I april 2022 vart Giske kommune meld ut av ROBEK-lista. Dette skuldast ein kombinasjon av tidlegare sparetiltak og høg skatteinngang i 2021. Resultatet for 2022 syner eit netto driftsresultat på 32,6 mill kr og ei avsetjing til disposisjonsfondet på 24 mill kr. Det samla disposisjonsfondet har auka til 36,7 mill kr. To gode år på rad betyr at kommunen har ein vesentlig betre buffer til å tåle uventa svingingar i drifta. Årsaka til det gode resultatet skuldast framleis god skatteinngang, fokus på effektiv drift og frigjering av fond etter endringar i pensjonsportefølja. Av desse faktorane er det kun fokus på drift som vi har råderett over og som vil gje årleg verknad på økonomien i Giske kommune. Det er difor framleis naudsynt å gjere endringar i tenestemodellane, bruke digitale verkty og utvikle medarbeidarar og leiarar.

Framleis er gjelda i kommunen altfor høg og vi er sårbar for auke i rentenivået. Men vi er no i vesentlig betre stand til å kunne handtere uventa hendingar, som til dømes eit dårleg skatteår.

Mudringsprosjektet i Gjøsundet vert ferdigstilt i mars -23 og har gjeve fiskerinæringa ein framtidsretta stad å utvikle seg. Mudringsmassen som er deponert på Gjøsundneset kan utviklast til å skape mange nye arbeidsplassar i kommunen. Vi merker stor interesse frå mange ulike aktørar som ser verdien av den sentrale lokaliteten dette området har. I arbeidet med mudringa viste det seg å være adskillig meir harde massar enn grunnundersøkinga skulle tilseie, i tillegg vart prisveksten også betydeleg høgare enn forskoteringsavtalen la til grunn.

Framover viser alle prognoser at kostnadane til Helse og omsorg vil auke. Kommunen må difor halde fram arbeidet med å tilpasse drifta for å kunne handtere denne endringa på ein god måte. På dette området har kommunen lagt ned eit stort arbeid med å skaffe godt kunnskapsgrunnlag, måle seg mot andre kommunar og lage ein strategi for omstilling. Vi må i mykje større grad enn før legge opp til variert tilbod med meir tenester knytt til førebygging og i bustaden til brukarane. Dei romma vi har til heildøgns omsorg vil det verte bruk for i framtida, men vi må tildele dei etter klare og like kriterium slik at vi kan greie å handtere den veksten som kjem.

Dei siste åra har vi møtt utfordringar som krever rask respons og evne til å løyse komplekse problem. Siste året har Giske kommune busett 49 flyktningar, dei aller fleste frå Ukraina. Dette har vore krevjande sidan vi ikkje har nok kommunale boligar til å dekke behovet. Digitale trugsmål er ei aukande sårbarheit for alle, og kommunar har vore mål for mange angrep. Vi har på ei rekke område styrka sikkerheita for slike angrep, i samarbeid med E-kommune Sunnmøre.

Samfunnsplanen er det viktigaste styringsverktøyet i ein kommune. Vi har gjort eit stort arbeid med å rullere den, samtidig som vi har samordna den med Strategi for Helse og Omsorg og den interkommunale Planen for Klima, Areal og Transport(PAKT) Gjennom denne samordninga har vi eit planverk som både gjev retning for korleis vi utviklar infrastrukturen, areala våre og tenestene i ei berekraftig retning.

Ein kommune er ein politisk styrt tenesteprodusent, og for å lukkast må vi ha engasjerte politikarar som vil bruke fritida si på å skape eit betre lokalsamfunn og tilsette som finn meining i å gje gode tenester til innbyggjarane. Trass enkelte utfordringar trur eg dei fleste i Giske kommune set pris på å bu i kommunen og opplever at dei får gode tenester. Eg vil rose både dei tilsette og politikarane i Giske for den store innsatsen dei legg ned i å skape eit godt samfunn.