Utdrag av Giske Kommune sin rekneskap for 2021

Økonomisk oversikt drift - inntekter

Økonomisk oversikt drift - Driftsutgifter

Utvikling i fordeling - driftsinntekter

Utvikling i fordeling - driftsutgifter

Sum driftsinntekter, sum driftsutgitfer, Disposisjonsfond

Oversikta viser forholdet mellom sum driftsinntekter, sum driftsutgifter og disposisjonsfond, og ein ser at driftsinntektene og driftsutgiftene er nesten samkøyrde. Dette viser at driftsnivået er for høgt og kommuenen sin evne til å betene gjeld, finansiere investeringer og avsette midler til fond er svekka. Disposisjonsfondet er null og må byggast opp skal kommunen ha ein berekraftig økonomi.


Løn og sosiale kostnader utgjer ein stor del av kommune sine utgifter. Det vart i 2021 utbetalt 247,619 mill. kr i fastløn, ei auke på 4,7% frå 2020, men ein nedgang på 0,36% frå det opprinnelege budsjettet. Variabel løn (unntatt sjukevikar over 16 dagar og permisjonar med refusjonsrett) hadde eit meirforbruk på 38 mill kr, 74,6 % over budsjettet og ein auke på 10,83 % frå 2020. Meirforbruket vert dekt av sjukelønsrefusjon med 19,4 mill.kr som ikkje er budsjettert, av auken som ikkje er dekt gjennom sjukelønsrefusjon skriv ein god del seg frå auka utgifter knytt til pandemien. Sosiale kostnader vart ca 2 mill. kr (2,45%) over budsjett. Dette skriv seg i hovudsak frå auke i arbeidgjevaravgift og auka pensjonskostnader som følge av auke i løn. Teknisk Beregnings- og Statistikkutvalget for Kommunesektoren (TBSK) har rekna årslønsveksten for kommuneansatte frå 2020 til 2021 til 3,4 prosent.

Netto driftsutgifter per rammeområde

Netto driftsutgifter per rammeområde

Regnskap Buds(end) Avvik(per.) %- Budsjett Regnskap
2021 2021 0 forbruk 2021 2020
1 POLITISK STYRING 4 420 566 4 142 386 278 180 107 4 142 386 4 041 547
2 KOMMUNE LEIING - STAB 21 457 157 22 129 286 - 672 129 97 22 435 101 16 573 017
3 FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER 6 080 306 7 797 051 - 1 716 745 78 7 991 701 18 524 284
4 DIVERSE TENESTEOMRÅDE 7 019 474 7 388 220 - 368 746 95 7 388 220 8 538 125
5 OPPVEKST 212 291 364 212 286 474 4 890 100 210 547 735 208 785 755
6 BARN, FAMILIE, HELSE 47 512 617 50 673 262 - 3 160 645 94 48 173 262 48 167 936
7 PLEIE, OMSORG OG SOSIAL 177 041 278 170 805 257 6 236 021 104 165 813 089 156 839 919
8 MILJØ OG KULTUR - - - - - 6 164 144
9 TEKNISK 62 109 458 58 027 954 4 081 504 107 53 640 722 53 071 365
10 KYRKJELEGE FØREMÅL 5 404 401 5 509 700 - 105 299 98 5 509 700 5 783 257
Sum rammeområde 543 336 621 538 759 590 4 577 031 880 525 641 916 526 489 349

Detaljar kring dei enkelte rammeommråde kjem lenger bak under del 2 Einingar.

Det har gjennom heile året og vore arbeidd med tiltak for å ta ned drifta. Fokuset på tiltak frå økonomiplanen, samt nye tiltak har vore stort og det har vore månadlege rapporteringsmøter. Kommunedirektøren har hatt krav om fokus på eit solidarisk ansvar for den samla kommuneøkonomien, ikkje berre på det enkelte rammeområdet.

Om ein samanliknar med rekneskap frå 2020 justert med konsumprisindeksen på 3,2 % ser ein at driftsnivået ikkje har hatt større utvikling enn konsumprisindeksen.