Flyktningtenesta og introduksjonsprogrammet

Giske kommune vedtok å ta i mot 10 nye flyktningar i 2021. Grunna korona, kom det færre flyktningar til landet og Giske kommune mottok 7 flyktningar.

Flyktningtenesta samarbeider tett med fleire tenester både i kommunen, NAV, legesenteret og vaksenopplæringa. Vaksenopplæringa vart frå hausten 2020 ytt av Hareid kommune. Flyktningtenesta har eit tett samarbeid med vaksenopplæringa og NAV for best integrering og oppfølging av brukarane.