ORGANISASJON
TILSETTE
I alt 634 personar var tilsett i Giske kommune ved utgangen av 2021. Av desse er 523 kvinner og 111 menn. Dei 634 tilsette er fordelt på 510 årsverk.
Tilsette fordelt på sektor og kjønn (2020 og 2021)
Sektor | Kvinner 2020 | Menn 2020 | Totalt 2020 | Kvinner 2021 | Menn 2021 | Totalt 2021 |
---|---|---|---|---|---|---|
Totalt | 508 | 119 | 627 | 523 | 111 | 634 |
Sentraladministrasjon | 17 | 4 | 21 | 19 | 3 | 22 |
Oppvekst | 220 | 50 | 270 | 211 | 43 | 253 |
Helse/sosial | 251 | 37 | 288 | 272 | 37 | 309 |
Kultur | 3 | 3 | 6 | 2 | 3 | 5 |
Teknisk | 10 | 20 | 30 | 8 | 19 | 27 |
Anna | 7 | 5 | 12 | 11 | 6 | 18 |
Lærlingar
Giske kommune hadde også i 2021 eit godt samarbeid med Sunnmøre kommunale opplæringskontor. Vi hadde 7 lærlingar fordelt på faga helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar og institusjonskokk. Det var er eit ønskje å auke talet på lærlingar, men på grunn av svært stram økonomi er det ikkje gjort.
Sjukefråværet for 4. kvartal 20213,3 fordelt på sektor - Giske kommune (tal henta frå SSB)
2020 | 2021 | |
---|---|---|
SAMLA | 6,5 | 7,4 |
Administrasjon | 6,5 | 3,3 |
Adm. undervisning, helse/sosial | 6,2 | 7,2 |
Undervisning | 3,9 | 7,4 |
Grunnskoleundervisning | 4,0 | 7,4 |
Helsetenester | 6,0 | 8,1 |
Pleie og omsorgtenester i inst. | 3,0 | 6,8 |
Andre omsorgsinst samt bufellesskap | 8,7 | 7,9 |
Sosiale omsorgsten. uten butilbod | 9,4 | 10,3 |
Barnehager | 5,3 | 3,8 |
Barnevern | 6,4 | 13,3 |
Heiltid
Mest mulig heile stillingar er viktig for kontinuitet, stabilitet og samla kompetanse. Det betyr mykje for arbeidsmiljø, likestilling og kvaliteten på tenestetilbodet.
48 % av alle tilsette i Giske kommune jobbar heiltid. I helse/pleie/omsorg er det 30 % som arbeider heiltid, det er ei auke frå 2020, då 27 % arbeidde i full stilling. I undervisning jobba 62 % i full stilling, mot 54 % i fjor. I barnehage er 48% i heil stilling mot 44 % i fjor. Det er altså ein auke i talet på heiltidstilsette og det er bra!
72 % av alle tilsette jobber 75 % eller meir.
Gjennomsnittleg stillingsbrøk i Giske kommune var 80 % mot 79% i fjor, altså ein svak auke.
Likestilling
Kjønnsbalansen i Giske kommune er 82% kvinner og 18 % menn. Fordeling mellom kvinner og menn i oppvekst er 83 % kvinner og 17 % menn, i helse/pleie /omsorg er fordelinga 88 % kvinner og 12 % menn. Lønsutvikling kvinner og menn kjem fram av tabellen under.
Av 19 leiarar i kommunedirektøren sitt leiarforum var 4 menn og 15 kvinner (inkl. kommunedirektøren). Kvinnene si snittløn var 802 000,- og mennene si snittløn var 756 340,-. Kommunedirektør og 3 kommunalsjefar er ikkje med her.
Omsyn til likestillingslovgivinga sine krav er nedfelt i arbeidsgivarpolitiske dokument som lønspolitisk plan, prosedyre for rekruttering, handtering av mobbing og trakassering o.l. og tydeleg belyst i all leiaropplæring. Vi oppfordrar det underrepresenterte kjønn til å søkje ledige stillingar, - Giske kommune er som alle andre kommuner sterkt kvinnedominert. Tilrettelegging for seniorar og tilsette med funksjonsnedsettelse er tema i medarbeidar- og oppfølgingssamtaler. I helse og omsorgstenesta er uønska deltid kartlagt, og resultatet har vore eit nyttig utgangspunkt i arbeidet med å redusere uønska deltid.
Lønsutvikling kvinner og menn 2018 - 2019 - 2020 - 2021
Årsløn 2018 | Årsløn 2019 | Årsløn 2020 | Årsløn 2021 | |
---|---|---|---|---|
Kvinner | 472 740 | 491 940 | 529 008 | 552 216 |
Menn | 486 660 | 503 892 | 525 024 | 552 300 |
Heiltid og deltid i Giske kommune (oppgitt i %) - fordelt på sektor 2020 og 2021
Alle | 2020 | 2021 | |
---|---|---|---|
Alle | Deltid | 56 | 52 |
Heiltid | 44 | 48 | |
Administrasjon | Deltid | 57 | 55 |
Heiltid | 43 | 45 | |
Undervisning | Deltid | 46 | 38 |
Heiltid | 54 | 62 | |
Barnehager | Deltid | 56 | 52 |
Heiltid | 44 | 48 | |
Helse/pleie/omsorg | Deltid | 73 | 70 |
Heiltid | 27 | 30 | |
Samferdsel og teknikk | Deltid | 50 | 20 |
Heiltid | 50 | 80 |
Tilsette fordelt på kjønn og stillingsbrøk 2021
Stillingsprosent | Kjønn | Tal på tilsette | % |
---|---|---|---|
0-24,9 | alle | 46 | 7,3 |
kvinner | 36 | 6,9 | |
menn | 10 | 9,0 | |
25-49,9 | alle | 39 | 6,2 |
kvinner | 30 | 5,7 | |
menn | 9 | 8,1 | |
50-74,9 | alle | 96 | 15,1 |
kvinner | 90 | 17,2 | |
menn | 6 | 5,4 | |
75-99,9 | alle | 152 | 24 |
kvinner | 140 | 26,8 | |
menn | 12 | 10,8 | |
100 | alle | 277 | 48 |
kvinner | 200 | 44 | |
menn | 77 | 66 |
Rekruttering
Giske kommune har som dei alle fleste kommuner store utfordringar når det gjeld å rekruttere helsepersonell, dette gjeld i særleg grad sjukepleiarar og vernepleiarar, men vi ser også ei aukande utfordring i å få rekruttert nok fagarbeidarar. Vi ser dessverre også at det er vanskeleg å få tilsett tilstrekkeleg kvalifiserte personar i ledige undervisningsstillingar, -vi har for mange ufaglærte i oppvekstsektoren. I teknisk sektor er heller ikkje søkjarlistene lange, men vi har kvalifiserte søkjarar.
Innan oppvekstsektoren er det ikkje innført ekstra rekrutteringstiltak i særleg grad, dette er noko som må vurderast for skuleåret 2022/2023. For pleie og omsorgstenestene er fleire rektrutteringstiltak sett i verk for å betre på situasjonen. Det er nytta stipendordning for sjukepleiarar og vernepleiarar, det er etablert dagstillingar innan sjukepleie, og det er gjort ein god jobb i å endre arbeidsfordelinga til sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar slik at sjukepleiarar får brukt kompetansen sin hovudsakleg til reine sjukepleiefaglege oppgåver. Det er vidare innført ordning med kjøkkenvert, og alle omsorgsdistrikt har, i samarbeid med NAV, personar på arbeidspraksis. Løn godt over tariff er også brukt som eit rekrutteringstiltak.
Det er eit ønske å auke talet på lærlingar for 2022. Dette gjeld både innan pleie og omsorg og oppvekst.