Barnevernstenesta
Barnevernstenesta: Totalt tilmelde saker: 98, tiltak: 81, omsorgssaker: 7, fristbrot undersøkingssaker: 2,04%. Tenesta har 7 årsverk.
Barnevernstenesta er aktiv bidragsytande til tverrfagleg samarbeid for å sikre sårbare barn og familiar. Sikre at barn som lever under forhold som kan vere skadeleg får nødvendig hjelp.
Tenesta er på god veg i arbeidet med styrking av relasjonar og i møtekome uttalte og vurderte behov. Ein har målbart auka kontaktpunkta med barn og familiar. Ein har styrka tenesta med vurdering av barnets beste, relasjonskompetanse og psykisk helse. Dei fleste borna i tenesta har aktive tiltaksplanar og ein arbeider for hyppigare planevalueringar. Ein har arbeidd med å styrke samarbeid med dei ulike tenestetilboda i kommunen.
Barneverntenesta arbeider for å vere synlege i ulike forum, deltek på fagmøte i barnehagar og skular når det er ønskjeleg. Alle skular og barnehagar har eigen kontaktperson. Tenesta tek i mot NN-saker, drøftar og deltek i ulike samarbeidsprosjekt (TALK, BAPP m.m).
Statsforvaltar gjennomførte tilsyn med undersøkingssaker i barnevernstenesta hausten 2020. Tenesta fekk avvik på manglande internkontroll og svikt i dokumentasjon og forsvarleg saksbehandling.Tenesta hadde ikkje dokumentert vurdering av barnets beste i sakene som var undersøkt. Avviket er no lukka og det blir arbeidd med styrking av internkontroll på saksbehandlingsområde.
Kostra, barnevern 2020
Nøkkeltall | Enhet | Giske | Kostragruppe | Landet uten Oslo |
---|---|---|---|---|
Netto driftsutgifter til barnevernstenesta pr. innbyggar 0 -22 år | kr | 4404 | 8541 | 8387 |
Barn med melding ift innbyggarar 0 -17 år | Prosent | 3,8 | 4,7 | 4,6 |
Prosentandel barn med undersøking ift innbyggarar 0-17 år | Prosent | 3,6 | 4,9 | 4,8 |
Barn med barnevernstiltak ift innbyggarar 0-22 år | Prosent | 4,3 | 4,8 | 3,8 |
Brutto driftsutgifter pr. barn med undersøking eller tiltak | kr | 45 547 | 50 410 | 54 645 |
Brutto driftsutgifter pr. barn som er plassert av barnevernet | kr | 252 647 | 437 016 | 433 312 |
Barn med undersøking eller tiltak pr. årsverk | antall | 21,2 | 17,8 | 17,5 |
Undersøkingar med handsaming innan 3 mnd | Prosent | 91 | 88 | 90 |