• Forside
  • Kommunedirektøren har ordet

Kommunedirektøren har ordet

RESPEKT, LØYSINGSVILJE, ENGASJEMENT, KVALITET

er Giske kommune sine verdiar. Som tilsett i Giske arbeider vi kvar dag for at innbyggarane skal kjenne oss igjen på dette. Respekt, løysingsvilje, engasjement og kvalitet.

Covid-19 har prega mykje av drifta i kommunen siste året. Vi ser at tilsette har gjort ein ekstra innsats, og vi har gjennom året hatt fortløpande møter i kriseleiinga, involvert einingsleiarane og arbeidd med å få ut god informasjon til innbyggarane.

Vi har bygd opp ei eiga avdeling for Testing, Isolering, Smittesporing og Karantene (TISK). Eg vil framheve det gode samarbeidet med Ålesund kommune, Statsforvaltaren og Avinor. Vi har stått i det i snart to år og når vi no går ut av 2021, veit eg at medarbeidarane er slitne. Slitne av smittevern, slitne av ikkje å kunne møtast, slitne av ikkje å kunne gi klem til brukarane våre, slitne av å sitte på heimekontor. RESPEKT for den jobben dei har gjort det siste året, og som vi no ser slutten på.

Gjennom 2021 er vi godt i gang med å snu drifta. Det har vore krevjande for dei tilsette, det har vore krevjande for politikarane og ikkje minst er det krevjande for innbyggarane som må tilpasse seg endra tenester. Giske kommune må halde fokus på kostnadseffektiv drift også i 2022. Vi må fortsette å arbeide med digitalisering, og vi må fortsette å arbeide innovativt og i samspel med innbyggarane.

Som ein del av den økonomiske snuprosessen har det i 2021 vore gjennomført ei endring i skulestrukturen. Alle ungdomsskuleelevane er no samla på ein skule, og på Godøya er to avdelingar i barneskulen slått saman. Bygningsmessige endringar har gått omtrent etter planen og det har ikkje vore økonomiske avvik knytt til investeringane. Drifta har vore prega av omlegginga og vi har enno ikkje lagt eit heilt skuleår bak oss. Med mange tiltak knytt til smittevern kan vi knapt kalle dette eit vanleg driftsår. Til trass for dette har det vore arbeidd med inkluderande praksis, leiarutvikling og kunnskapsløftet. Digitale verktøy og LØYSINGSVILJE frå tilsette har hjelpt oss gjennom dette året på ein imponerande måte.

Når vi vurderer drifta for 2021 økonomisk ser vi at vi nærmar oss rett nivå, men når vi samtidig veit at vi blir utfordra av at fleire innbyggarar treng tenester frå oss må vi fortsette endringsprosessen også dei komande åra. For å greie dette må vi bli ei endå betre samspelkommune. Samspel med innbyggarane, samspel med næringslivet, samspel med frivilligheita er ein nøkkel til suksess.

Det er stort ENGASJEMENT i kommunen så eg håpar og trur at det kjem til uttrykk gjennom utvida samspel dei komande åra. Samspel i regionen er også viktig. Vi har tatt eit stort steg i 2021 gjennom godt samspel knytt til arbeid med PAKT (plan for areal, klima og transport), samarbeid om beredskap og mange interkommunale samarbeid om tenester. Desse prosjekta er også viktige når vi sett berekraft på agendaen. Giske har så vidt begynt å "skrape i overflata" i berekraftsarbeidet. I handlings- og økonomiplan 2022-25 har vi tydeleggjort dette som ei sektorovergripande satsing. Og så har vi kome godt i gang med mudring av fiskerihamna i Gjøsundet. Her tok næringslivet initiativ, kommunen spelar på lag og Kystverket sikra finansiering. I 2022 vil mudringsarbeidet vere ferdig og både eksisterande og nye aktørar melder si interesse for å utvikle nye arbeidsplassar. Mange av desse satsar på å flytte gods frå veg til sjø, og utvikle grøne energikjelder slik at bruken av sjøareala blir meir berekraftig.

Giske kommune skal levere rett KVALITET på tenestene våre. Men kva er rett kvalitet? Det første steget i arbeidet var å få på plass eit heilskapleg kvalitetssystem, som omfattar alle tenestene våre. Dette har vi arbeidd systematisk med i 2021. Dette arbeidet skal både sikre at vi har god kvalitet på tenestene, men òg at vi skal lære å utvikle oss som organisasjon.

2021 var året då Giske kommune kom ut av ROBEK-lista etter å ha arbeidd hardt med å lukkast over fleire år. God skatteinngang og finansavkastning gav viktige bidrag til dette, men utan dei driftstiltaka som er gjort hadde vi ikkje lukkast. Eg vil difor rette ein særskild stor takk til dei mange dyktige medarbeidarane i Giske kommune som har strekt seg svært langt for å levere god kvalitet til alle brukarane i eit år med strenge smitteverntiltak og stram økonomi.

Når vi ser framover er det likevel ikkje slik at vi har løyst alle utfordringane. Kommunen har framleis ei høg gjeld og vi veit at etterspurnaden etter helsetenester vil stige kraftig i åra som kjem. Det er behov for å sette av midlar på fond, så vi kan tåle eit år med dårlegare rammevilkår. Og så må vi halde fram med å tilpasse oss nye behov, ta i bruk ny teknologi, samarbeide med frivillige, næringsliv og naboane våre.


Fotograf: Hilde Røsvik, Giske kommune