Institusjonstenester

Giske kommune har åtte institusjonsplassar ved Vigra omsorgssenter, avdeling for demente, Skogly. Vi ser ei stadig auke i behov for plass. Plassane er til ei kvar tid fylt opp. Dei tilsette har høg kompetanse innan demens og utviklar seg i takt med behov, lover og forskrifter. Giske kommune leverer eit tilbod av høg kvalitet. Det er auka vekst i tal demente, om lag 50 nye vert diagnostisert kvart år i Giske kommune. Frå 2021 til 2030 er det venta ei auke i tal demente med 44%, frå 2030 til 2050 vil det auke ytlegare med om lag 90%. Bruk av velferdsteknologi og behov for ulike bustadar vil auke i tida framover. Dagtilbod for demente starta hausten 2019. Dette viser seg å vere eit svært viktig og godt tilbod til mange, noko som mellom anna gjer at brukaren kan bu lenger heime og betrar livssituasjonen til pårørande.

Giske kommune har lavare utgifter per opphaldsdøgn i institusjon enn samanlignbare kommunar. Sjå KOSTRA-nøkkeltal helse og omsorgstenester. Årsak til dette kan vere effektiv bruk av ressursar ved omsorgssenteret, god organisering og styring.