Overordna mål og satsingar

Giske kommune skal halde ein høg etisk standard i samsvar med etisk reglement. Reglementet vert årleg gått gjennom og drøfta i kommunestyret og med dei tilsette. Refleksjon kring etiske dilemma vart prøvd ut i kommunedirektøren sitt leiarforum og i møte mellom hovudtillitsvalde og administrasjon. Dette skal innførast som ei fast ordning i 2022.

Giske kommune har eit overordna kvalitet- og internkontrollsystem og arbeider med kontinuerleg forbetring på dagsorden. I 2021 har vi blant anna hatt fokus på GDPR, fått etablert månadleg gjennomgang av avvik, og opplæring til alle tilsette i bruk av kvalitetssystemet.

Overordna mål

Dei overordna måla til Giske kommune blir gitt i kommuneplanens samfunnsdel. Vi arbeider etter Samfunnsplanen for åra 2014-26. Den legg til grunn at Giske skal vere ei samspelkommune. I samspelkommunen legg ein at eige ansvar, frivillig innsats og profesjonelle tenester spelar på lag på nye og kreative måtar. Dette er viktig i dag og i framtida, og særleg når vi ser korleis demografien i kommunen vil utvikle seg i same periode.

Satsingsområda som er valt for perioden er følgande:

  • Vere ein god plass å bu - der alle vil bu
  • Ha gode levekår
  • Vere ein god næringskommune
  • Ha eit rikt kulturliv

Satsingar

Basert på satsingsområda i samfunnsplanen har kommunen i 2021 arbeidd med følgande hovedområde:

  • Sikre god økonomisk styring og kontroll, og endre tenestetilbodet i tråd med samfunnsutviklinga. For å kome ut av ROBEK må vi endre oss. I 2021 har fokuset vore å arbeide med tiltak for å ta ned drifta. Arbeidet må vidaraførast i 2022, men med god hjelp av god skatteinngang og avkastning i 2021 ser ein ved utgangen av året at dette målet kan bli nådd allereie i 2022.
  • Omstillingsprogrammet «Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi»: fokus i 2021 har vore å ta i bruk eksisterande verktøy og arbeide med arbeidsprosessane knytt til dette. Blant anna skal nettbaserte løysingar for intern kommunikasjon og informasjon vidareutviklast, overgang til digitale timelister, digital innregistrering i bygga våre, og ikkje minst forbetra digital søknadsprosess knytt til byggesak.
  • Smartby-satsing: Giske er saman med Ålesund og Sula med i Smartby-satsinga. Dette gir oss unike mulegheiter til å utvikle framtidsretta smarte tenester og enklare innbyggardialog. Ein del av dette er deltaking i framtidslabben ved NMK (Norsk maritimt kompetansesenter).
  • Sjølvhjelpte innbyggarar: Gjere innbyggarane sjølvhjelpte så langt det er mogleg og ha realistiske forventningar til kva kommunen kan levere av tenester. Gjennom dialog, medverknad og engasjement skal ein saman definere grensene for kva det offentlege kan tilby og kva den enkelte må ta ansvar for gjennom tilrettelegging ved livsendringar. Frivillige lag og organisasjonar har ei naturleg rolle i dette arbeidet.
  • Innbyggarmedverknad skaI ha fokus ut over det som følgjer av lov og forskrift. Samspel med innbyggarane skal ha høg prioritet. Tankegangen bak metoden «samskaping» skal nyttast som modell for arbeidet.
  • Framover vil fokuset også vere å ta berekraftsmåla inn "under huda" i organisasjonen.

Hovudmål 1: Giske kommune skal vere ein god plass å bu

Hovudmål 1: Giske kommune skal vere ein god plass å bu

Hovudmål 1: Giske kommune skal vere ein god plass å bu

Plan/Vedtak Mål Forventa resultat Når Økonomisk ramme Status 2021
Kommuneplan- samfunnsdel Tilrettelegge for bustadutvikling Reguleringsplanar blir behandla innan frist I planperioden Innanfor budsjett Har vore under arbeid/vurdering året 2021
Byggesaker vert behandla innan frist Fortløpande innafor budsjett Har vore under arbeid/vurdering året 2021
Utvikle infrastruktur i tråd med bustadutviklinga Kommunal utbygging Ikkje prioirtert i denne planperioden på grunn av den økonomiske situasjonen Krev investering Har vore under arbeid/vurdering året 2021
Privat utbygging gjennom bruk av utbyggingsavtale med kommunen I planperioden Auka kostnadar til drift og vedlikehald etter utbygging Har vore under arbeid/vurdering året 2021
Rullering samfunnsdel Oppdatere samfunnsplanen for neste planperiode. Fullføre rullering av samfunnsdel i løpet av 2022 2022 Innanfor budsjett Har vore under arbeid/vurdering året 2021
Rullering arealdel Oppdatere arealdelen for neste planperiode. Vurdere rullering av arealdelen i 2022. 2022-23 Innanfor budsjett Har vore under førebuande arbeid/vurdering året 2021

Hovudmål 2: Giske kommune skal ha gode levekår

Hovudmål 2: Giske kommune skal ha gode levekår

Plan/Vedtak Mål Forventa resultat Når Økonomisk ramme Status 2021
Kommuneplan Definere kva tenester kommunen skal tilby og nivået på desse Reduserte kostnadar 2022 Innanfor budsjett Har vore under førebuande arbeid/vurdering året 2021
Avklart tenestenivå 2022 Innanfor budsjett Har vore under førebuande arbeid/vurdering året 2021
Avklart ansvarsdeling mellom kommunen og innbyggarane, blant annet gjennom å arbeide med serviceerklæringar og med basis i "kommune 3.0-tankegang" 2022 Innanfor budsjett Har vore under førebuande arbeid/vurdering året 2021
Innføre ny struktur innafor oppvekstområdet Likeverdige tenester for alle brukarar, reduserte kostnadar 2022 Med eigne ressursar innanfor budsjett Har vore under førebuande arbeid/vurdering året 2021
Utvikle omsorgstenester i tråd med samfunnsutviklinga i samspel med brukarane, pårørande og innbyggarane Tilpassa tenestetilbod til rett kvalitet til den enkelte brukar, reduserte kostnadar 2022 Med eigne ressursar innanfor budsjett Har vore under førebuande arbeid/vurdering året 2021

Hovudmål 3: Giske kommune skal vere ein god næringskommune

Hovudmål 3: Giske kommune skal vere ein god næringskommune

Plan/Vedtak Mål Forventa resultat Når Økonomisk ramme Status 2021
Strategisk næringsplan (SNP) 2016-25 Starte utbygging av Gjøsund nasjonale fiskerihamn Starte mudringsarbeid Når låneopptak vert godkjent av fylkesmannen Stat-/ fylkesfinans Låneopptak godkjent og mudringsarbeid starta i 2021. Ferdig september 2022.
Legge til rette for næringsutvikling Samarbeid med næringsaktørar i Giske kommune 2021 Innanfor budsjett Utset på grunn av pandemi. Prioritert deltakarar knytt til mudringsarbeid Gjøsund
Etablerar-satsing Fleire etablerarar på kurs Satsing på hoppid-kontoret 2021 Innanfor budsjett Lite aktivitet i 2021 på grunn av pandemi
Landbruk og viltforvaltning Betre kunnskap om landbruksnæringa i Giske kommune. Gjennomført synfaringar og gardsbesøk ved behandling av søknader og spørsmål om areal-forvaltning 2021 Innanfor budsjett Gjennomført møter. Gardsbesøk utsett på grunn av pandemi.
Omorganisere viltområda Organisert hjortevalda i eit bestandsplan-område 2021 Innanfor budsjett Ikkje igangsett

Hovudmål 4: Giske kommune skal ha eit rikt kulturliv

Hovudmål 4: Giske kommune skal ha eit rikt kulturliv

Plan/Vedtak Mål Forventa resultat Når Økonomisk ramme Status 2021
Kommuneplan Legge til rette for ein berekraftig frivillig sektor som kan samspele med profesjonelle og kommunen Årleg 2020-23 Innanfor budsjett Frivilligsentralen har godt samspel
Bidra til at ungdommen finn sin plass i kommunen ved at dei får delta i og vere med på ulike aktivitetar og fritidstilbod Arrangere UKM Årleg 2020-23 Innanfor budsjett UKM er arrangert
Sikre og merke turstiar frå fjell til fjøre, samt ta vare på kulturminne og kulturmiljø 2023 Innanfor budsjett I 2021 er Stikk ut skilt set opp og kommunen har delteke i planlegging og arbeid knytt til tursti Vigrastova til Blindheimsvika