OM KOSTRA

Alle kommunar er pålagt å føre rekneskap etter KOSTRA-standarden. KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) er eit nasjonalt informasjonssystem om kommunale verksemder. Informasjon om kommunale tenester og bruk av ressursar på ulike tenesteområde vert registrert og samanstilt for å gje relevant informasjon til beslutningstakarar og andre, både nasjonalt og lokalt. Informasjonen skal tene som grunnlag for analyse, planlegging og styring, samt gje grunnlag for å vurdere om nasjonale mål vert nådde.

KOSTRA-tala gir eit grunnlag for å vurdere prioriteringar, dekningsgradar og produktivitet mellom kommunar over tid. Ulik prioritering, kvalitet på tenestene, struktur og behov i befolkninga, er faktorar som vil påverke nøkkeltala. Det er vanskeleg å definere og skille ut konkret effekt av alle desse forholda i tala. Med bakgrunn i dette vert nøkkeltala i KOSTRA kalla indikatorar. I dette ligg det at nøkkeltala kun indikerer skilnad mellom kommunar, og dermed eit grunnlag for vidare analyse, men er ingen fasit og gir ikkje eintydig forklaring på forskjellar. Kvaliteten på tala er også avhengig av kvaliteten på teneste- og økonomirapporteringa frå kommunane. Rapporteringa er omfattande og kompleks, så feil og ulike tolkingar kan forkomme.

KOSTRA-tala er førebelse tal. Kommunane og Statistisk sentralbyrå (SSB) reviderer no tala og endelege tal vert publisert i juni. Erfaring viser at dei endelege tala blir noko justert samanlikna med dei førebelse tala. Dette kan skuldast manglande eller feil rapportering frå kommunane, samt at SSB ikkje har kontrollert alle sine samanstillingar.

Alle kommunar er gruppert etter folkemengd og økonomiske rammebetingelsar. Som en følge av kommunereformen som trådte i kraft fra 1.1.2020, er det gjort ein revisjon av kommunegrupperingane brukt i KOSTRA til publiseringa av tala for 2020. Giske Kommune er no flytta frå kostragruppe 10 og høyrer no til kommunegruppe 1, definert som middels små kommuner med lave bundne kostnader og lave korrigerte innekter.

I årsmeldinga er alle KOSTRA-samanstillingar under dei enkelte einingane og det vert sett på utviklinga til Giske kommune over tid. Å studere eigne tal mot kostraguppa, skal gje eit bedre samanlikningsgrunnlag. Eigne tal er difor samanstilt med kommunegruppe 10.