Finansinntekter / finansutgifter
Netto finansutgifter i 2021 vart kr 47 059 627. Finansplasseringar etter finansregl. § 8 gav ein gevinst på 11 771 450, denne var i justert budsjett budsjettert med gevinst på 6 mill. kr. Renteugifter vart 1,39 mill. kr lavere enn budsjettert, dette som følgje av endringar i rentenivået. Avdragsutgiftene kr 470 000 over budsjettet. Samla vart netto finansutgifter ca. 6,4 mill. kr lavere enn justert budsjett. Til samanlikning var netto finansutgifter i 2021 på kr 58 369 521.
Renter og avdrag på lån til investeringar | Rekneskap | Rekneskap | Rekneskap | Rekneskap | Rekneskap | Rekneskap |
---|---|---|---|---|---|---|
Alle tal i heile 1 000 | 2021 | 2020 | 2019 | 2018 | 2017 | 2016 |
Renter løpande lån | 21 027 | 24 111 | 28 526 | 25 498 | 25 884 | 28 214 |
Avdrag løpande lån | 39 442 | 39 084 | 34 322 | 31 882 | 31 132 | 29 720 |
Sum renter/avdrag | 60 469 | 63 195 | 62 848 | 57 380 | 57 016 | 57 934 |
Nøkkeltal | 2021 | 2020 | 2019 | 2018 | 2017 | 2016 |
---|---|---|---|---|---|---|
Renter og avdragsutgifter i prosent av brutto driftsinntekter | 8,39 | 9,22 | 9,61 | 9,15 | 9,39 | 9,99 |
Netto finansutgifter i prosent av brutto driftsinntekter | 6,14 | 8,38 | 7,43 | 8,82 | 7,06 | 8,63 |
Renter og avdragsutgifter i prosent av brutto driftsinntekter viser kor stor del av brutto driftsinntekter som er bunde til tilbakebetaling av lån. Netto rente og avdragsutgifter i prosent av brutto driftsinntekter viser ein nedgang frå 9,99 prosent i 2016 til 8,39 prosent i 2021.
Netto finansutgifter i prosent av brutto driftsinntekter viser kor stor del av brutto driftsinntekter som er bunde til tilbakebetaling av lån, korrigert for finansinntekter. Det har vore ein nedgang frå 8,63 prosent i 2016 til 6,14 prosent i 2021. Oversikta over syner at avkastninga frå forvaltninga har stor påverknad på kor mykje av brutto dritsinntekter som er bunde til å dekkje finansutgifter.
Avkastning på kapital frå langsiktige kapitalplasseringar
Bank / forvaltar: | Marknadsverdi/saldo pr. 31.12.2021 | Renter / avkastning 2021 |
---|---|---|
ODIN | 43 597 | 3 566 |
Sparebanken Møre bankinnskot, aksjar, obligasjonar, eigenkapitalbevis. | 86 388 | 8 205 |
Sum: | 129 985 | 11 771 |
I tidsrommet 2000 – 2021 har Giske kommune hatt ei gjennomsnittleg årleg avkastning på 10 mill. kr pr. år, dvs. 196 mill. kr over 21 år.