Plan - kommuneplan mm

5510 Plan

Regnskap 2021 : Meirforbruk kr. 48 874

Kommuneplan:

Utarbeiding av planstrategi og planprogram vart starta opp i januar 2020. Grunna korona vart opprinneleg tidsplan forseinka. Vedtak av planstrategi for 2020 -23 og fastsetting av planprogram for 2020-30 godkjent av kommunestyret 3. desember 2020.

Områdeplan Sætra og Gjøsund - kommunens handelssenter:

Områdeplan for Sætra og Gjøsund er ein av planane omhandla i planstrategi. Planløysing for hovedkryssløysing (riksveg-fylkesveg) har vist seg å vere særs utfordrande å få på plass. Statens vegvesen held fast på planskilt kryssløysing (toplanskryss). Giske kommune arbeider vidare med rundkøyringsløysing.

PAKT (Plan for Areal, Klima og Transport):

Møre og Romsdal fylkeskommune er landets første bærekraftsfylke med satsing saman med Molde, Kristiansund og Ålesund på FNs nettverk for smarte bærekraftige byar. Giske kommune har slutta seg til målsettinga om bærekraft og deltek i PAKT-samarbeidet. PAKT er eit regionalt samarbeid mellom nye Ålesund, Giske og Sula med fokus på plan for areal, klima og transport (PAKT). Kommunen er representert både i arbeids- og styringsgruppa.

SMART kystsoneplan:

Giske, Sula og Ålesund har politiske vedtak om å ta spesielt ansvar for bærekraftsmål 14 - LIV UNDER VANN. Utarbeiding av kystsoneplan vil difor vere ei naturleg oppfølging. Giske kommune deltek i prosjektteam saman med Ålesund og Sula i forprosjekt. Prosjektteam starta opp desember 20. Planlagd oppstart med politisk vedtak om vidareføring av prosjekt, evt varsel om oppstart av planarbeid i løpet av 2022.