Sjølvkostområder - gebyrfinansierte tenester

5000 Byggesak

Byggesak - teneste 3020

Rekneskap 2021: Meirforbruk kr. 525 070

Kapasiteten på byggesak har vore - og er fortsatt kritisk. Pr. mars 2022 har ein eit etterslep på om lag 170 saker frå tidlegare år. Det vart kjøpt byggesakstenester for kr. 586 543 for å avhjelpe situasjonen i periode av året med kritisk bemanningsnivå grunna permisjonar og oppseiing.

Gebyrinntektene (byggesakshandsaming) er på kr. 1 845 121 som utgjer 88% av budsjetterte inntekter.

Av kostra for året 2020 framgår at 85 % av alle byggeløyver var gitt ved dispensasjon. For året 2020 var landsgjennomsnittet på 17 % og for kommuner i same kostragruppe 23% - sjå tabell nedanfor. Ein så høg andel av dispensasjonsløyve er alarmerande om må kartleggast nærmare. Saksbehandlingstida (78 dagar) på saker med 12 veker frist må sjåast i lys av dette og bemanningssituasjonen. Ein har ikkje greidd å prioritere kostrarapportering for 2021.

År Saker totalt Saker med 3 veksers frist Saker med 12 vekers frist
2019 292 Usikre tal (tidsbruk: 20 dagar) Usikre tal (tidsbruk: 84 dagar)
2020 246 48 saker (tidsbruk: 18 dagar) 164 saker (tidsbruk: 78 dagar)
Kostra
Nøkkeltal - Tal frå 2020: (x) Enhet Giske Ålesund Sula Kostragruppe 01 Landet uten Oslo
Andel av innvilga byggesøknader som skjer gjennom vedtak om dispensasjon fra plan (prosent) Enhet (85) (25) 39 (..) 17 (23) 24 (17) 20
Gjennomsnittlig saksbehandlingstid for byggesaker med 12 ukers frist (dager) Enhet (78) (65) 82 (65) 58 (42) 46 (39) 42
Gjennomsnittlig saksbehandlingstid for byggesaker med 3 ukers frist (dager) Dagar (18) (33) 22 (21) 18 (20) 21 (17) 18

5310 Feiing og tilsyn

Regnskap 2021 : Avsetning til fond kr. 76.394

Fond pr. 31.12.21 er på kr. 840 805.

Feiietenesta vert kjøpt frå Ålesund kommune, og det vert feia annakvart år. Feiing er gjennomført i 2021 og det er kjøpt feietenester for kr. 1 075 000.

5410 Oppmålingsforretning

Regnskap 2021 : Avsetning til fond kr. 309 673

Fond pr. 31.12.21 er på kr. 1 431 120

Kommunen kjøper oppmålingstenester frå privat landmålarforetak. Pr. i dag utgjer kjøp av slike tenester halve oppmålingsgebyret. Øvrig halvdel av gebyrinntektene dekker kommunens eige arbeid med med mottak av krav til matrikkelføring, kontroll av måleprotokoll samt matrikkelføring/tinglysing.

Det er meirinngang i gebyrinntekter på 209 078 i høve til budsjett.

Det er pr i dag ingen restansar.

6200 Vassforsyning

Regnskap 2021 : Bruk av fond kr. 219 217

Fond pr. 31.12.21 er på kr. 5 793 637

Tilstand/alder i forsyningsnettet medfører om lag 40% svinn/lekasje. Ein har difor auka utskiftingstakten/fornyinga av leidningsanlegga dei siste åra. I tillegg er ein i gang med å etablere målekummar for betre å kartlegge omfang- og lekasjepunkt i dei ulike leidningstrekka.

Det er inngått ny avtale om kjøp av vatn frå Ålesund kommune.

Utført oppgradering på leidningsnettet 2019 2020 2021
Antal nye meter leidningsnett 883 m 2 100 m 3000 m
Antal meter fornya 4 103 m 2 663 m 4334 m
Antal lekkasjereparasjonar 8 hendingar 15 hendingar 10 hendingar
Vassmengde levert på nettet 2019 2020 2021
Vassmende frå Alnesvatnet 935 072 m3 927 011 m3 969 237 m3
Vassmengde levert frå Ålesund 221 202 m3 128 100m3 87 431 m3
Totalt forbruk inkludert lekkasje 1 156 274 m3 1 055 111 m3 1 056 668 m3

6300 Avløp og rensing

Regnskap 2021 : Bruk av fond kr. 9 550

Fond pr. 31.12.21 er på kr. 5 506 655

6350 Slamtømming

Regnskap 2021 : Kr. 674 421

Ved inngangen til 2021 hadde ein eit etterslep av tidlegare års negative resultat i form av eit ikkje-framførbart underskudd på kr. 227 246.

Rekneskapet for 2021 viser eit positivt resultat på kr. 674 421. Av desse dekkast kr. 227 246 av det ikkje-framførbare underskott og Kr. 447 175 settast på driftsfond.

Driftsfond Slammtømming pr. 31.12.21: kr. 447 175

6400 Renovasjon

Regnskap 2021 : Meirforbruk på kr. 2 054 273

I høve til budsjett har ein i 2021 hatt auke i kostnadane med kjøp av tenester frå ÅRIM på kr. 1 084 717 i tillegg til reduserte salsinntekter på kr. 1 354 686. Resultatet er eit negativt, men framførbart underskudd (negativt fond).

Fondsmidlar pr. 31.12.20 var på kr 1 080 979.

Det framførbare negative resultatet reduserast gjennom bruk av tilgjengelege fondsmidlar (kr. 1 080 979).

Driftsfond renovasjon pr. 31.12.21: (1 080 979 -2 054 273) kr. -973 294.