Offentleg helseteneste/legekontor

Totalt 2,63 kommunale legestillingar (inkl. 1 lege i spesialisering)

9 sjølvstendig næringsdrivande fastlegar.

Brukarar av legetenesta: 7999

Giske kommunale legesenter AS har knytt seg opp til tenesta "Min helse", noko som forenklar kommunikasjonen mellom lege og pasient. Det er også innført digitale funksjonar for fastlegetenesta i den nasjonale portalen helsenorge. www.helsenorge.no. Vi merkar godt at fastlegeordninga er i endring. I motsetnad til andre kommunar som slit med rekruttering og har mange vakante stillingar, opplever Giske kommune at situasjonen kan vere krevjande til tider, men vi har til no lukkast med rekruttering. Fastlegekapasiteten er per i dag sprengt og det er vedteke oppretting av ny fastlegeheimel i 2022.

Legesenteret leverer gode tenester og har i 2021 bidratt i kornavaksinasjonen av innbyggjarane. Giske kommune og Giske legesenter AS har eit godt og tett samarbeid. Kommuneoverlegen har hatt eit stort arbeid knytt til koronasituasjonen, i tett samarbeid med beredskapsleiinga, avdeling smittevern, tenestene i kommunen, legesenteret, Helseføretaket og andre kommunar.

Kostratal legetenesta, 2021

Kostratal legetenesta, 2021

Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 10 Landet utan Oslo
Avtalte legeårsverk per 10 000 innbyggere Årsverk 11,6 12,2 12