Skatt - rammetilskot - finans

Skatt og rammetilskott

Giske kommune fekk i 2021 kr 542 626 419 i skatt og rammetilskot gjennom inntektssystemet. Dette var kr 20 863 419 meir enn justert budsjett. Skatteinngangen for Giske kommune vart kr 18 955 269 kr høgre enn justert budsjett.

Gjennom rammetilskottet har Giske kommune motteke kr 21 921 000 i ekstra tilskott til korona, av dette er 3,26 mill. kr skjønstilskott. I tillegg er det motteke kr 17 971 000 i øyremerkte tilskot, av dette kr 11 729 000 til testing ved grenseoverganger, innreise - karantenehotel, og testing og behandling i karantenehotell.

Øvrige generelle statstilskot

Kommunen fekk i 2021 utbetalt kr 1 083 134 i rentekompensasjon frå skulepakke, kyrkjepakke og omsorgsbustader. Dette var kr 516 866 lågare enn justert budsjett, og kjem av den lave lånerenta.

Det vart utbetalt kr 1 005 735 frå Havbruksfondet. Det var budsjettert med kr 1 402 000.

Eigedomsskatt

Eigedomsskatt vart utskrive både på verk og bruk, bustad og fritidseigedommar. Ved fastsetjing av skatteverdien for bustadeigedommar vart formuesgrunnlag frå skatteetaten nytta, medan det vart leigd takstfolk for taksering av fritidseigedommar, verk og bruk samt bustadeigedommar der formuesgrunnlag ikkje var fastsatt av skatteetaten. Satsen for eigedomsskatt vart auka frå 3‰ i 2020 til 4 ‰, Inntektene frå eigedomsskatt vart 27,9 mill. kr, kr 560 000 høgre enn opprinneleg budsjett.