Kvalitet, internkontroll og beredskap
Kommunelovas § 25-1 sett krav til kommunedirektøren sin oppfølging av internkontrollen. Frå 2021 har fokus på kvalitet, internkontroll og beredskap blitt ytterlegare styrka. Stillinga til seniorrådgivar kvalitet og beredskap har blitt auka frå 0,7 til i 1 årsverk.
Hovudoppgåver innafor kvalitet og internkontroll har i 2021 vore:
- Oppbygging av kommunen sitt heilskaplege kvalitetssystem; Compilo:
- ny mappestruktur
- nye avvikskategoriar
- ny modul; GDPR-modul inkl. flytskjema
- opplæring og implementering av Compilo:
- avviksmodulen (særleg fokus på å auke mengde meldte avvik og vurdering av alvorsgrad)
- dokumentmodulen
- ROS-modulen
- planlegging, gjennomføring og etterarbeid etter Leiinga sin gjennomgang
- samarbeid med personvernombod i IKA Møre og Romsdal:
- fullføring av behandlingsprotokollar
- gjennomgang og revisjon av samtykkeskjema og generelle personvernerklæringar
- oversikt og gjennomgang av databehandlaravtalar
- opplæring av tilsette i personvern med nanolæring med Junglemap
- godkjenning av "Mål og strategi for arbeid med internkontroll og kvalitet i Giske kommune 2021-2024" i kommunestyret
- fullføring av prosjekt Omstilling av fellesfunksjonar; organisering av fellesfunksjonane slik at denne bidreg til effektiv drift og rett og god tenestekvalitet
- lean-arbeid med legemiddelhandtering
- oppstart av Kompetanseløft med Digi Møre og Romsdal
- rettleiing og støtte til einingsleiarar ved ulike tilsyn med Giske kommune frå Statsforvaltar og Arbeidstilsynet
Hovudoppgåvene innafor beredskap har i 2021 vore:
- handtering av covid-19:
- etablering av avd. smittervern
- samordne med regionale og nasjonale smitteverntiltak og vurdere behov for og vedta lokale forskrifter
- tre andre kortvarige krisehandteringar
- samarbeid med omkringliggande kommuner, statsforvaltar, politi m.fl.
- rapportering til Statsforvaltar
- revisjon av beredskapsplan
- tilsyn frå Statsforvaltar på kommunal beredskapsplikt
Giske kommune er ein lærande organisasjon der vi saman jobbar med å utvikle kapasitet til å levere tenestene våre i tråd med verdiane våre; respekt, løysingsvilje, engasjement og kvalitet.