PPT og logopedteneste
PPT
Totalt 4 stillingar inkludert avdelingsleiar.
Brukarar: 120
Førtilmeldingsmøte med barnehagane og skulane blir minimum gjennomført to gonger i året. Arbeidet med å utarbeide felles plan for lese/skriveopplæring og rekning vart starta opp i 2021. Det er utarbeida kompetanseplan for BU modellen og tiltaka er i gongsett. Det er god samanheng mellom innhald, arbeidsmåtar og organisering i dei sakkyndige vurderingane og den ordinære opplæringa innanfor områda spåk/begrep, lesing/skriving og rekning. Førtilmeldingsmøte med barnehagane og skulane er minimum blitt gjennomført to gonger i året.
Arbeidet med å utarbeide felles plan for lese/skriveopplæring og rekning vart starta opp i 2021. Det er utarbeida kompetanseplan for barn/unge modellen og tiltaka vart i gangsatt. Veiledning og innhald i dei sakkyndige vurderingane er basert på kunnskapsbaserte tiltak.
PPT deltek i TALK styringsgruppe, TALK prosjektgruppe for barnehage og skule, og TALK ressursteam. PPT er med på å arrangere nettverkssamlingar/arbeidsseminar minimum to gonger i året i barnehage og tre gonger i året på skule.
Dei sakkyndige vurderingane blir ferdigstilt innan 3 månader for “nye” saker. Sakkyndig vurdering i fornyingssaker blir ferdigstilt før frist for individuell opplæringsplan.
Logopedteneste
10 saker i 2021.
Giske kommune gjennomførte kutt i logopedtenesta i 2021. Kommunen har per i dag ikkje tilsett logoped, men kjøper denne tenesta. Kommunen er pliktig til å yte tenester til barn og unge med rett etter opplæringslova.